G16-laget til Stabæk vart norgesmeistrar.
G16-laget til Stabæk vart norgesmeistrar.

Han trente Norges beste 16-åringar

– Eg er stolt av gutane, seier Øystein Garborg. Han har gjort suksess som trenar i fotballaget Stabæk.

Golingen har vore i bærumsklubben i sju sesongar, og er ein del av akademiet til eliteserieklubben.

I helga opplevde han eit av sine høgdepunkt då G16-laget han har vore trenar for toppa sesongen med NM-gull.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var enormt stort. Ikkje berre at me vann, men måten me gjorde det på. Me spelte god fotball, på ein måte som klubben ynskjer at me skal, seier Garborg.

Talentutviklar

Han har jobba med spelarutvikling i klubben i fleire år. Dei har gode resultat, både på 16-årslaget og nedover i alderstrinna.

– Me har hatt ni spelarar på a-lagstrening i år, det har aldri skjedd i klubben før. Og i løpet av dei siste tre åra har me 15 spelarar som har signert proffkontrakt. Det blir jobba godt på mange alderstrinn i klubben, meiner han.

Øystein Garborg er trenar for G16-laget til Stabæk som vart norgesmeistrar.
Øystein Garborg er trenar for G16-laget til Stabæk som vart norgesmeistrar.
Øystein Garborg er trenar for G16-laget til Stabæk som vart norgesmeistrar.
Øystein Garborg er trenar for G16-laget til Stabæk som vart norgesmeistrar.

I år har laget hans hevda seg både i NM og i utlandet. Tidlegare i år var dei i Liverpool og spelte turnering, der berre arrangørklubben var betre.

– NM-finalen var siste kampen deira som eit lag. No går dei vidare, nokre i eigen klubb og andre til andre klubbar. Det er moro for oss som trenarar å sjå at hardt arbeid betaler seg. Både trenarar og spelarar legg ned mange timar i dette.

Vil satse

Sjølv har Garborg brukt mykje tid på å bli ein betre trenar.

– Skal du utvikle deg må du bruke mykje tid på det, du må prioritere det og du må ville det. Eg blir verande i Stabæk framover og ynskjer å utvikle meg vidare som trenar for nokre av norges største talent.

Målet på sikt er å trene lag på høgare nivå, men han trivs som trenar for 16-åringane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil ta steg vidare med Stabæk. Det er veldig moro å trene dei unge, svoltne spelarane som står på randa til noko større.