Pål Golberg er blant medaljekandidatane etter fjerdeplass i prologen unnder sprint-NM.
Pål Golberg er blant medaljekandidatane etter fjerdeplass i prologen unnder sprint-NM.

Golberg ikkje i slag - gav meir og mindre opp

Pål Golberg (27) gjekk ein god prolog under sprint-NM på Gåsebu torsdag, men var sjanselaus i semifinalen.

Langrenn: Det vart tydleg i semifinalen at Pål Golberg er prega av lang sjukdoms- og konkurransepause. Klassisksprinten under NM på ski er eitt av viktigaste renna til Pål Golberg denne sesongen, men han vart klart sist i sitt semifinaleheat, der han starta forsiktig  og aldri makta å henge med i tet. Den vanlege spruten var ikkje der. 

Torsdag føremiddag gjekk Pål ein sterk prolog og hadde fjerde beste tid. Han vart slått med seks sekund av storfavoritt Johannes Høstflot Klebo og viste at han er tilbake etter sjukdom og ein konkurransefri månad. Heller i kvartfinalen var det full trøll over golingen som gjekk vidare på luscky looser. Semifinalen gjekk han ti sekund saktare enn i kvarten.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed greidde ikje Golberg å forsvara gullmedaljen frå sist det var Ski-NM på Gåsebu i 2013. Golberg kunne med ein god prestasjon ha sikra OL-plass, men får ein ny sjanse neste helg verdenscupen i Slovenia. 

Emilie Fleten, Gol IL,  vart nummer 24 i prologen, men rauk ut som nummer fire i sitt kvartfinaleheat.