– I dag har eg teke OL-gull, iallfall nesten, meinte Mathea Helle Markegård.
– I dag har eg teke OL-gull, iallfall nesten, meinte Mathea Helle Markegård.

God start i godt vêr

– Me møttest på Bamafestivalen for to år sidan, er bestevenninner og heiter begge Mathea.

Alpint: Dei to jentene frå Geilo og Hemsedal smiler i vårsola.

I botnen av Ål alpinsenter har dei nett tatt av seg skia etter fyrste renn i Bama alpinfestival. Fredag morgon var jentene i klassen U12 år fyrst ut i festivalprogrammet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig moro å køyre, meiner dei.

– Det gjekk fort og var ikkje altfor vanskeleg løype, meiner Mathea Markegård (Hemsedal).

- Eg likar når det går litt fort, seier Mathea Helle Trillhus frå Geilo.

Venninnene Mathea Helle Trillhus og Mathea Markegård trivst på Bama alpinfestival.
Venninnene Mathea Helle Trillhus og Mathea Markegård trivst på Bama alpinfestival.
900 unge alpinistar sett utfor i Ål Alpinsenter i løpet av tre dagar med renn.
900 unge alpinistar sett utfor i Ål Alpinsenter i løpet av tre dagar med renn.
Mathea Helle Trillhus og Mathea Markegård er venninner og konkurrentar på Bama alpinfestival.
Mathea Helle Trillhus og Mathea Markegård er venninner og konkurrentar på Bama alpinfestival.
Bjarni Tor Hauksson frå Geilo var klar til start i U12-år.
Bjarni Tor Hauksson frå Geilo var klar til start i U12-år.
Mille Kvinlog blir teke imot i målområdet av venninna Maja Veslehaug (begge Geilo).
Mille Kvinlog blir teke imot i målområdet av venninna Maja Veslehaug (begge Geilo).
– I dag har eg teke OL-gull, iallfall nesten, meinte Mathea Helle Markegård.
– I dag har eg teke OL-gull, iallfall nesten, meinte Mathea Helle Markegård.
– Eg er litt spent på dei andre renna, sa Mathea Helle Trillhus. Venninna Mathea Markegård var samd.
– Eg er litt spent på dei andre renna, sa Mathea Helle Trillhus. Venninna Mathea Markegård var samd.
Jonas Aalberg i Bama og festivalleiar Are Fosse er fornøgd med at alpinfestivalen er i gang.
Jonas Aalberg i Bama og festivalleiar Are Fosse er fornøgd med at alpinfestivalen er i gang.

Venninner

Dei to møttest i bakken under festivalen for to år sidan. Det vart starten på eit nytt vennskap.

– Begge gjekk på kor, og så kjente eg ei som ho kjente, og så berre begynte me å prate, seier Markegård.

– Me er bestevenninner, begge likar alpint og begge heiter Mathea, seier dei og ler.

I hendene har dei deltakarpremien som alle får når dei kjem i mål. Pokalane med gullfarge glinsar i solsteika.

– Eg vann nesten OL-gull i dag. Iallfall litt, meiner Trillhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange

Utøvarar og foreldre reiser frå heile landet for å få med seg alpinfesten, som mest av alt er ei stormønstring.

– Når me ikkje står på ski blir me kjent med andre som er her. Eg skal gå rundt og prate og bli kjent, meiner Trillhus.

Nokre meter lenger ned ventar Bjarni Tor Hauksson (Geilo) på gjennomkøyringa i guteklassen.

Dei startar litt seinare på dagen og har tid til å førebu seg mens jentene køyrer.

– Eg er litt spent, men gler meg, seier han.

Nådd toppen

I folkehavet smiler festivalsjefen.

– Det er godt når det er i gang. Med ein bra inngang til helga, slik som det vart med knallvêret i dag, og ei fin avslutning på sundag, er alt bra, meiner Are Fosse. Han er festivalsjef på fjortande året, og leiar ein organisasjon som har mange års erfaring.

– Me kunne fått regn og is, regn og veldig våt snø, og me kunne fått perfekt vêr og forhold, slik det vart i dag. Det kunne ikkje vore betre, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lite er tilfeldig i Ål alpinsenter denne helga. Dei har til og med tilreisande som står på venteliste i håp om å få starte.

– Det er fullbooka. 900 er taket, det kan ikkje vere meir enn det, seier Fosse.