Pål Golberg må vente til tysdag før han får svar på om det blir OL-billett.
Pål Golberg må vente til tysdag før han får svar på om det blir OL-billett.

Glapp OL-billetten, eller ...?

Han reiste til slovenske Planica for å sikre seg OL-billett. Men Pål Golberg har gjort OL-uttaket meir spennande enn ynskjeleg.

Etter gode plasseringar før jul med 2. plassen i den klassiske verdenscupsprinten i finske Ruka som beste prestasjon, har det butta for Golberg. Like før jul pådrog han seg vannkoppar. Sjukdomen sette han kraftig attende. Dei siste vekene har han bygd seg opp att – sakte, men sikkert.

NM sist helg synte at formen er på veg. Men heller ikkje her vart det nokon topplassering. Golberg var difor avhengig av ei god plassering under dagens klassisksprint i Planica om han skulle vera sikra OL-billett.

Artikkelen held fram under annonsen.

OL-håpet frå Gol tok seg greitt vidare etter prologen med 6. beste tid. Kvartfinalen gjekk også oppskriftsmessig. Golberg vann sitt heat og tok seg greitt til semifinalen.

Her møtte han svenske Teodor Peterson, dei tre russarane Gleb Retivykh, Alexander Panzhinskiy og Anton Gafarov samt lagkamerat Eirik Brandsdal.

Alt tidleg i semifinalen fekk Golberg problem med å halde tempoet til teten. Han såg sliten ut og kom bakpå. Rett nok hadde han ein god avslutning. Men 4. plassen i semifinalen og tida held ikkje til finaleplass. Ein finale som vart vunne av suverene Johannes Høsflot Klæbo føre Emil Iversen og Teodor Peterson frå Sverige. Golberg enda til slutt på 7. plass i Planica.

Det norske sprintlaget i OL i Pyeonchang begynner dermed å ta form. Johannes Høsflot Klæbo og Emil Iversen er klare. Det same er Eirik Brandsdal.

Kampen står om den 4. og siste ledige «billetten». Det er denne «billetten» Pål Golberg kjempar om. Men han har hard konkurranse får Sondre Turvoll Fossli. Fossli var uheldig og fall under semifinalen i dagens verdenscup i Planica.

Det tredje og siste uttaket vil bli gjort tysdag 23. januar. I mellomtida må både Golberg og langrennsinteresserte hallingar vente i spenning.