HFK vart ein god nummer to under fjorårets Norway Cup. Kanskje blir det gull i år?
HFK vart ein god nummer to under fjorårets Norway Cup. Kanskje blir det gull i år?

Geilo-jentene tok tre poeng

Tysdag kveld vart Geilo jenter 15/16 sin kamp mot Ulvstind vist på TV2. Geilo vann kampen 2-1.

Laurdag bles dommarane i gang dei fyrste kampane på Ekebergsletta. Heile 12 lokale lag kjempar om sluttspel i årets Norway Cup.

Etter fire dagar med gruppespel er det førebels A-laget til HFK som ligg best an, etter å ha vunne tre av tre spelte kampar med god margin. Men fleire andre lokale klubbar har også vore i elden.

Artikkelen held fram under annonsen.

TV-kamp

Tysdag kveld kunne fotballivrige hallingar følgje Geilo IL sitt J15/16-lag gjennom ein direktesend TV-kamp på Tv2 Sportskanalen. Geilo møtte Tromsø-klubben Ulfstind.

Det vart ein spennande kamp. Ved pause stod det 0-0. Det var geilingane som skåra fyrst, og då kampen var over hadde Geilo sikra seg 2-1 siger og tre poeng.

Vart nummer tre

Geilo vart nummer tre i puljen. Ulfstind enda også på tre poeng, men tok andreplassen på grunn av betre målforskjell enn Geilo.

G18/19:

HFK 1 – Lizzy 6–1

HFK 1 – Eide og Omegn 6–1

HFK 1 – Høybråten og Stovner 3–0

Bremnes – HFK 2 7–0

Aksla – HFK 2 3–2

Søgne - HFK 2 2-0

 

J18/19:

HFK – Vålerenga 3–3

HFK – Nordre Land 4–0

Sunndal - Hallingdal 0-1

 

J17/18/19 (7-er):

HFK – Vigrestad 2–2

Bønes – HFK 15–0

HFK – Røa 3–1

 

J15/16:

Oppsal – Geilo 2–0

Osterøy – Geilo 1–0

Ulfstind - Geilo 1-2

Ål – Trygg/Lade 1–1

Lyn Fotball 2 – Ål 4–0

Herd, Spk. - Ål 8-0

 

J15/16 (7-er):

Uvdal – Bremnes 3–1

Uvdal – Driv 1–0

Uvdal - Seljord 3-0

 

G15/16:

Nesbyen – Askøy FK AFK2 1–0

Nesbyen – Rising Star 1–1

Nesbyen - Træff 1-0

Seljord - Ål/Geilo 0-2

Ål/Geilo - Sandviken 0-0

Ål/Geilo - KFUM-Kam. Oslo 0-3

 

G15/16 (7-er):

Andebu – Nesbyen 6–3

Stordal – Nesbyen 4–2

Jadakameratene - Nesbyen 6-1

Hemsedal – Rustad 5–0

Hemsedal – Bremnes 6–0

Hemsedal - Hareid 1-10

 

G14:

Elverum – Hemsedal 10–0

Mathare United – Hemsedal 8–0

Lyn – Hemsedal 3–2