Knut Erik Hallingstad, Pål Gundersen og Tone Gundersen gler seg til den nye banen kjem på plass.
Knut Erik Hallingstad, Pål Gundersen og Tone Gundersen gler seg til den nye banen kjem på plass.

Får same gras som i Japan og Nederland

Mange kvite storsekkar står oppstilt ved Geilohallen. Dei inneheldt det som skal bli den nye grasbanen på Geilo.

Fotball: Dessverre fekk dei ikkje gjort den ferdig til knøttecupen sist helg, men til neste år skal dei spille på den også.

– Det er verdas beste grasbane som ligg i desse sekkene, seier Knut Erik Hallingstad i fotballgruppa stolt, og legg til at det kan dei takke Pål og Tone Gundersen for. Ekteparet har tatt på seg kostnadene for den nye banen, som ei gåve til bygda og idrettslaget. Paret har slått seg til ro på Geilo, og syns det er fint å kunne bidra til ungdomsmiljøet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hotellet har gitt bidrag før, men ikkje slik som dette, innrømmer Gundersen.

Heldig handel

– Dette blir verdas beste 7’er bane, seier Hallingstad. Han fortel at både ein toppklubb i Japan og ein i Nederland hadde bestilt 7’er bane med 50 mm kunstgras. Mellom desse to bestillingane låg bestillinga til Geilo. Dermed fekk dei tilbod om å få verdas beste kunstgrasbane til prisen av ein vanleg, fordi det var raskare for produsenten å sleppe å legge om produksjonslinja for Geilo sin skyld, før dei skulle produsere ny 7’er.

– Me var ganske heldige der, smiler Gundersen.

400 spelarar

– Me treng sårt denne banen også, for Geilo har 30 fotball-lag, og rundt 400 spelarar. Dermed blir det stort trykk på dei treningsbanene me har. Me har måtte flytte fleire a-kampar til andre stader pga. dette, opplyser Hallingstad.

Dei har alt FIFA-to godkjende baner, og hadde gode resultat i fjor.

– Og no fer me også verdas beste bane hit, legg han stolt til.

Banen blir førebels liggande på nedsida av Geilohallen, men skal etter kvart bli flytta vestover.

Eldsjel

– Knut Erik er ein skikkeleg eldsjel som står på her kvar einaste dag. Eg trur han er nede til kvar einaste trening, seier Gundersen. Han meiner at leiaren i fotballgruppa fortener litt skryt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han legg inn 40-timars veke her gjennom heile fotballsesongen, og er vel på Geilo sjølve definisjonen på fotball, fortset han.

– Det blir nokre timar her, men eg har aktive ungar som også er med, og syns dette er kjekt å drive med, seier Hallingstad.

Me treng sårt denne banen også, for Geilo har 30 fotball-lag, og rundt 400 spelarar.

Knut Erik Hallingstad