Vetle Sjåstad Christiansen (biletet) hadde berre Martin Fourcade og Arnd Peiffer framfor seg etter dagens jaktstart i Hochfilzen.
Vetle Sjåstad Christiansen (biletet) hadde berre Martin Fourcade og Arnd Peiffer framfor seg etter dagens jaktstart i Hochfilzen.

Endeleg vart det pallplass til Vetle

Dette har alle i skiskyttarmiljøet venta på. Endeleg gjekk det Vetle Sjåstad Christiansens veg.

Skiskyting: Geilingen overraska både seg sjølv og mange andre med ein knallsterk tredjeplass under dagens jaktstart i verdenscupen i Hochfilzen.

Sjåstad Christiansen hadde eit godt utgangspunkt etter gårsdagens sterke 10. plass på sprinten. Christiansen gjekk ut berre 51 sekund etter vinnaren og lagkamerat Johannes Thingnes Bø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sprakk

Bø opna som vanleg sterkt under dagens jaktstart. Men stryningen sprakk fullstendig på andre skyting. Her fekk han heile tre bom. Og det vart tre nye bom på dei neste to skytingane.

Dermed opna det seg opp for gårsdagens andremann, Martin Fourcade.

Fourcade har slite med farten i løypa så langt i sesongen, men skytinga har vore bra. Med fire fulle hus og brukbar fart i sporet sikra franskmannen seg fyrsteplassen i jaktstarten. Fourcade var heller aldri truga. Tyskaren Arnd Peiffer gjekk inn til andreplass, 13 sekund bak Fourcade.

Null bom

Men Fourcade var ikkje aleine å om å ha full kontroll på skytinga. Det same hadde Sjåstad Christiansen som gjekk sitt livs løp og skaut fire fulle hus.

Geilingen gjekk seg oppover på resultatlista etter kvar skyting. Mot mål kjempa han om andreplassen med Arnd Peiffer, men tyskaren vart for sterk på dei siste metrane. Sjåstad Christiansen tok dermed tredjeplassen, berre 16 sekund etter Fourcade og to sekund etter Peiffer.

Neste beste norske vart Johannes Thingnes Bø på 9. plass.

- To fantastiske løp

– Vetle Sjåstad Christiansen har levert to fantastiske løp her i Hochfilzen. Dette er hans store gjennombrot i verdenscupen, fastslo NRKs ekspertkommentator Ola Lunde etter dagens pallplassering.

– Det har vore mange års hardt arbeid. Men eg gav meg aldri. I dag fekk eg betalt. Dette var herleg, sa ein strålande fornøgd Sjåstad Christiansen etter sin fyrste individuelle pallplass i eit verdscuprenn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rørt Liv Grete

I skiskyttarmiljøet var det også mange som unna geilingen denne tredjeplassen.

– Dette var fortent. Vetle har fått mange slag i andletet. Men han har kjempa. Alltid positiv. Vetle er ein god mann å ha i gruppa, så dette har me venta på, sa ein imponert Tarjei Bø.

Også Liv Grete Skjelbreid var imponert.

– I dag vart eg rørt. Vetle sa etter sprinten i går at han måtte skyte 20 treff om han skulle ha sjanse på pallplass. Det gjorde han. Eg er imponert. Dette lovar godt for morgondagens stafett, oppsummerte Skjelbreid til NRK.