Christoffer Fagerli Rukke jublar etter NM-gullet på 500 meter og har trenar og sesongopplegget klart. Det har ikkje landslagsløparane Espen Aarnes Hvammen t.v., Ida Njåtun, Håvard Holmefjord Lorentzen, Hege Bøkko og Håvard Bøkko.

Døra på gløtt for landslaget

– Me er godt i gang, og eg har ikkje høyrt noko frå forbundet, seier Christoffer Fagerli Rukke.

Skøyter: Rukke (26) er klar for sin andre sesong på Norges Skøyteakademi.

Laget vart oppretta for eitt år sidan av fem-seks løparar som ikkje kom med på elitelaget til forbundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar for ny sesong

Etter fleire år på landslaget fekk ikkje Christoffer ny tillit. Han takka då nei til plass på rekruttlandslaget, og satsa med akademiet.

Saman med Fredrik van der Horst er holingen den løparen på skøyteakademiet med lengst fartstid og beste internasjonale resultat.

Den gamle toppløparen Tom Erik Oxholm er trenar i lag med Arne Skuterud.

Christoffer Fagerli Rukke er klar for ny sesong på skøyteakademiet, men held døra på gløtt dersom han får tilbod om landslagsplass. (Arkvfoto)
Christoffer Fagerli Rukke er klar for ny sesong på skøyteakademiet, men held døra på gløtt dersom han får tilbod om landslagsplass. (Arkvfoto)

I motsetnad til landslagsløparane har Christoffer og lagkameratane trenarteamet, sesongopplegget og lagstrukturen klar.

Ingen signal

– Kva svarar du dersom du får tilbod om å bli med på landslaget når ny trenar er på plass?

– Eg har ikkje prata med skøytepresidenten eller fått noko signal frå forbundet. Det er tvilsamt at eg skiftar lag, men heilt uaktuelt er det ikkje dersom tilbodet skulle koma.

Norges Skøyteakademi består av eit elitelag på seks løparar og ei juniorgruppe.

Elitelaget består av Christoffer Fagerli Rukke, Fredrik van der Horst, Espen Tveit og Einar D. Agdestein, Hanne Haugland og Aleksander Waagenes. Dei to sistnemnde er nye på laget i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tvilsamt at eg skiftar lag, men heilt uaktuelt er det ikkje dersom tilbodet skulle koma.

Christoffer Fagerli Rukke