– Når det fyrst skulle skje, er det greitt å bli sjuk i ei periode utan viktige renn, seier Pål Golberg.
– Når det fyrst skulle skje, er det greitt å bli sjuk i ei periode utan viktige renn, seier Pål Golberg.

Difor vart han slapp i Davos

Etter prologen i Davos sleit Pål Golberg med hovudverk. Sundag morgon skjønte han kvifor.

Langrenn: Langrennsløparen vakna med raude blemmer på kroppen, han hadde fått vannkoppar.

– Det er dritkjipt. Men det er slikt som kan skje når ein er i kontakt med folk. Det er mest uflaks, seier Golberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det hadde verka i kroppen og han hadde hatt litt feber i forkant av sprinten i Davos, men om morgonen på renndagen kjente han seg klar til å starte.

– Etter prologen fekk eg veldig vondt i hovudet. Eg kjente at noko var gale. Då eg vakna sundag, hadde eg fått dei fyrste blemmene, fortel Golberg, som rauk ut i kvartfinalen i Davos.

Konkurransefri

Sjukdommen set ingen stoppar for konkurranseplanane, men kjem likevel på eit dårleg tidspunkt.

Han skulle uansett ikkje vore med landslaget til Toblach for å gå distanserenn i helga. Men vasskoppane går ut over treninga.

No har eg hatt ei lang konkurranseperiode, og skulle legge inn ei treningsperiode fram mot nyttår. I staden har eg fått beskjed om å ta det med ro framover.

Han får ikkje trene før han er kvitt symptoma.

– Det er veldig kjedeleg, men eg må berre ta dag for dag no. Eg må vere i ro til eg er frisk, om det tar ei veke eller to, eller lengre tid, veit eg ikkje.

– Korleis er langrennsformen elles?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den er som eg hadde håpa. Eg var litt bekymra etter sprinten laurdag, før eg fekk ein diagnose. Det er greitt å vite at det ikkje var noko gale med formen, sjølv om det er i dei periodane ein har utanom konkurransane at du legg grunnlaget vidare, seier han.

OL-håp

Sesongstarten elles har gått som han hadde håpa, med gode resultat både i Kuusamo og på Lillehammer.

Tidlegare hadde han eit håp om å gå Tour de Ski. Det har han ikkje planar om lenger. Over nyttår kjem viktigare renn.

– Dei tre fyrste helgane over nyttår er det tre renn med klassisksprint. Eg har hatt ein god start, men veit at eg må vise meg fram over nyttår. Eg håpar å vere i god form på nyåret òg, seier han.

– Kva tenkjer du om dine eigne OL-sjansar no?

– Om eg presterer i nærheiten av det eg kan på mitt beste, så går eg OL-sprinten.