Katrine Aannestad Lund, frå Jondalen er Norges nye skyttardronning.
Katrine Aannestad Lund, frå Jondalen er Norges nye skyttardronning.

Damenes landsskyttarstemne

Det vart ingen prinsessetittel til Hallingdal under årets Landsskyttarstemne i Førde. Derimot vart det ei skyttardronning frå Jondalen, ei skyttarprinsesse frå Nannestad og ein skyttarprins frå Bjørkelangen.

Dette vart damenes Landsskyttarstemne. Jondalen-skyttaren Katrine Aannestad Lund som imponerte stort under onsdagens skyting med 249 poeng, låg på skive éin under kongeskytinga. På skive to skaut Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk. Også han med 249 poeng, medan Rasmus Løberg frå Klepp med 248 poeng skaut på skive tre.

Før dei tre beste skulle i elden, leia Åse Marit Myrvang. Nannestad-skyttaren skaut fullt hus på omgangen og stod med 348 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Løberg og Jøingsli sprakk. Begge skaut seg ut av topplassering. Jøingsli fekk berre 96 på omgangen og ramla nedover på listene. Løberg måtte også sjå 9-talet og enda på 98 på omgangen, og samla 346 poeng. Dermed var det klart at det i år ikkje ville bli nokon konge, men ei dronning. Spenninga knytte seg til kor tittelen ville ende. I Nannestad eller i Jondalen.

22 år gamle Aanestad Lund har i mage år vore rekna som eit av våre største skytetalent. Ho har også tidlegare skote på kongelaget. Men nervane har iblant spelt henne eit puss. Mental trening er difor blitt prioritert det siste året. Og treninga må ha gitt resultat. Aanestad Lund var iskald. Jondalen-skyttaren takla presset som siste skyttar og skaut fullt hus. Rett nok var serien spreidd i 10-ar feltet, men det held til dronningtittel med 349 poeng. For andre gong i historia har to kvinner toppa Landsskyttarstemnet. Siste det skjedde var på Lesja i 2006. Åse Marit Myrvang vart prinsesse medan fjorårets skyttarkonge, Daniel Sørli, sikra seg prinsetittelen etter fullt hus på omgangen og samla 347 poeng.

13. plass til Stigen

Marianne Stigen som kjem frå Gol, men som skyt for Rælingen, låg på skive 3 i prinsesselaget. Tre skyttarar hadde 245 poeng. Eileen Torp, frå Rakkestad, Reidun Kristin Knapstad frå Florø og Stigen. Men Stigen fekk 98 på omgangen og ramla med det nedover på listene. Likevel – ein 13. plass totalt i prinsesseskytinga er svært bra.

Ingen på kongelaget

Ingen hallingar var med på kongelaget denne gongen. Ein annan utflytta halling, Ola Tore Dokken som no skyt for Nordre Land, låg etter den innleiande skytinga onsdag ei stund an til finaleplass. Men 245 poeng held ikkje. Dokken var eitt poeng unna plass på kongelaget. Med 99 på omgangen enda Dokken på 28. plass totalt.

Stian Bogar frå Hovet og Hol vart med fullt hus på omgangen, og 344 poeng beste hallingskyttar. Bogar enda på 21. plass.

Andre resultat

Asbjørn Hov frå Hemsedal skaut i går kveld finale i V73. Med 99 på omgangen og 349 poeng samanlagt enda han på ein delt 16.-plass. Vinnar vart Bjørn Rønningen, Fåberg, med 350 poeng.

Thorbjørn Bryøen i V65 skaut også finale i går. Hovet og Hol-skyttaren fekk 98 på omgangen og 347 poeng samanlagt. Dermed enda han eit stykke ned på listene. Vinnar her vart Fridtjof Dybtveit, Nidaros, med 350 poeng. 

Heller ikkje Kjell Svarteberg frå Geilo hadde full klaff i finalen i V55 tidlegare i dag. Med 98 på omgangen enda han på 33.-plass. Oddvar Staxrud, Tingelstad, gjekk til topps med 347 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lagskytinga deltok berre eitt hallinglag, Hovet og Hol skyttarlag. Men holingane hadde ikkje dagen. Laget enda på 33. plass. Vinnar i lagskytinga vart Skjeberg med 398 poeng føre Jondalen med 394 poeng. Hovet og Hol fekk 387 poeng.