Anders Abrahamsen Kurverud, Erik-Andre Skriudalen, Emil Flatlandsmo Tveiten, Andreas Knutsen og lærer Håkon Traaen. Bak skimtes Ola Loftsgård.
Anders Abrahamsen Kurverud, Erik-Andre Skriudalen, Emil Flatlandsmo Tveiten, Andreas Knutsen og lærer Håkon Traaen. Bak skimtes Ola Loftsgård.

Blir spesialistar i motorsport

Frå hausten av kan elevane spesialisere seg som mekanikarar innan motorsport.

Elevar på teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Numedal videregående skole kan spesialisere seg innan motorsport. Frå hausten set nemleg skulen opp eit tilbod for både 1. og 2. årselevane.

Aktivt miljø

Nore og Uvdal har eit aktivt motorsportmiljø. Mange av ungdommane i dalen er opptekne av dette. Difor vil no skulen leggje til rette for å dyrke fram dyktige mekanikarar med spisskompetanse innan motorsport. Det blir lagt opp til eigne motorsport-timar, samt noko jobbing med motorsport i vanlege timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krevjande

Assisterande rektor ved skulen, Stein Erik Røbech, fortel at å jobbe med motorsport på høgt nivå er spesielt krevjande.

– Difor vil tilbodet vera for dei som er spesielt motivert og har gode karakterar, seier han. Når skulen startar opp i haust, vil det bli intervjurundar med potensielle elevar som skal få jobbe med å skru på motorsport-køyretøy i skuletida.

Opne for fleire

– Me kjem til å ha tre til fem elevar frå kvart trinn, seier Røbech. Han legg til at skulen jobbar for at elevar frå heile fylket skal kunne søkje seg hit.

– Har me eit unikt tilbod her, og også ledige skuleplassar, vil me gjerne opne for at elevar frå andre stader kan søkje seg hit, seier han. Det er ikkje mange vidaregåande skular som har dette tilbodet. Noko tilsvarande finst i Hedmark.

Å skru på konkurransebilar krev stor nøyaktigheit og spesiell kunnskap.

– Draumen vår er at me klarar å få kanskje ein elev som kan vere med eit motorsport-team i læretida si, seier rektor.