Debuterte på landslaget
Abdi Mohammed frå Geilo har spelt sin fyrste kamp med det norske flagget på brystet.
Abdi kom inn på stillinga 1-4 i G-15-landskampen mot Sverige og var nær ved å score i landslagsdebuten.
Det var tysdag kveld det norske G-15-landslaget spelte mot Sverige på Åmot.
Norge leia 1-0 ved pause, men tapte 5-1 etter at det rakna fyrste halvdelen av andre omgang då svenskane scora fire gonger.
Stortalentet Abdi Mohammed frå Geilo og HFK var med i den norske troppen.
Abdi starta på benken, men kom inn som spiss i andre omgang rett etter at svenskane scora fjerde målet. Han hadde ein god målsjanse og var nær ved å pynte på resultatet. I staden auka Sverige til 5-1 like før slutt.
Det lykkast ikkje å få kontakt med den unge landslagsdebutanten onsdag. Men landslagstrenar Øyvind Nilsen signaliserte etter kampen at det blir endringar i startoppstillinga i revansjeoppgjeret på Vikersund torsdag kveld.
Det kan bety meir speletid på Abdi.
RSS
KONTAKT OSS
