Torsdag 02.september 2010
Tom Remman: Vann Norseman Xtreme Triathlon. Her er han på sykkeltur over Hardangervidda
Held unna: Tom Remman frå Geilo tok teten i Hardangerfjorden og held konkurrentane bak seg til målpassering i verdas hardaste triathlon frå Eidfjord til Gaustadtoppen. Her er han i gang med sykkeletappen over Hardangervidda. (Foto: Kristofer Larsen))
FOTO: Kristofer Larsen

Vann verdas hardaste triathlon

Geilingen Tom Remman med siger i kraftprøve Eidfjord – Gaustadtoppen.

Fontstørrelse A A A

Tom Remman tok kommandoen frå fyrste svømmetak i Hardangerfjorden.

11 timar og 20 minutt kunne han strekkje armane i vêret på toppen av Gaustadtoppen.

Norseman Xtreme Triathlon blir rekna som verdas hardaste triathlonkonkurranse.

Berre ekstremutøvarar er i stand til å fullføre kraftprøva som laurdag vart arrangert for åttande gong.

Grytidleg laurdag morgon kasta 230 menn og kvinner seg i Hardangerfjorden og svømde 3.800 meter før dei krabba i land i Eidfjord.

Der sette dei seg på sykkelen og tråkka 180 kilometer opp Måbødalen, over Hardangervidda via Geilo til Austbygda i Telemark.

Der skifta dei til joggeutstyr og la av garde på 42 knallharde kilometer opp til Gaustadtoppen, 1883 meter over havet.

Etter 11 timar, 19 minutt og 48 sekund kunne geilingen Tom Remman strekkje armane i vêret.

Vel tre minutt etter kom sølvvinnar Henrik Oftedal i mål. Den tyske favoritten Daniel Blankenfuland måtte nøye seg med tredjeplass, rundt 24 minutt bak Remman.

– Det er heilt fantastisk. Etter andreplass i fjor har eg trena hardt for å få revansje i år. Eg er veldig stolt over å ha meistra både løypa og meg sjølv og halde unna for konkurrentane, seier Tom Remman.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:48 | http://www.hallingdolen.no/sport/article92413.ece

annonse
annonse
annonse
annonse