Skøyteting og landslagssamling
Om ei veke kjem heile skøyte-Norge til Geilo. Fyrst er det skøyteting, etterpå landslagssamling.
Skøytefolket ligg ikkje på latsida sjølv om me er godt inne i fyrste sommarmånaden.
Neste helg er Hol idrettslag vertskap for årets skøyteting.
Det blir avvikla på Highland Hotel på Geilo frå fredag til sundag med mellom 130 og 150 delegatar.
På saklista til Norges Skøyteforbund er det ordinære tingsaker som står på menyen, blant anna er heile styret på val.
Etter at kontrakten med landslagstrenar Peter Mueller denne veka vart forlenga ut sesongen 2010/2011, er det neppe grunn til å tru at trenardiskusjonen blir hovudtema sjølv om den fargerike amerikanaren ikkje berre har tilhengjarar i skøyte-Norge.
– Trenarsituasjonen står ikkje på saklista, det er styret som har personalansvaret. Det var full semje om å forlengje kontrakten med Peter Mueller. Under behandlinga av handlingsplanen for dei neste to åra blir det opna for å koma med alle innspel. Men trenarsituasjonen blir neppe nokon stor tingsak, seier konsulent Arild Gjerde i skøyteforbundet.
Straks skøytetinget er heva neste sundag ettermiddag, kjem landslaget til Geilo på fire dagars samling. Der blir Håvard, Christoffer og Hege bokstaveleg tala på heimebane.
På heimebane blir dei tre holingane i høgste grad når landslagsløparane skal teste «Energitrappa» ved idrettsplassen i Hol. Så spørst det om nokon er i stand til slå trapperekordane. Det blir temmeleg sikkert gjort reale forsøk på å senke rekordane til heimefavorittane.
RSS
KONTAKT OSS
