Tok skøytemedaljar av alle valørar
Hege Bøkko, Hol og Nille Martha Norhaug Faleide, Gol sanka med seg medaljar av både gull, sølv og bronse under Landsmeisterskapet på skøyter i helga.
Landsmeisterskapet (LM) er for klassane 12 -16 år. I sitt aller siste LM var Hege Bøkko storfavoritt i 16-årsklassen. Nille Martha Norhaug Faleide var outsider i 15-årsklassen.
Begge innfridde – men for Hege sin del, berre halvvegs.
Småør etter fall
Hege Bøkko, som kanskje har vore den største norske skøytekometen denne vinteren, er vanlegvis like fjellstø på skøytene som bror Håvard. Men på Geithus laurdag gjorde ho noko så uvanleg som å falle.
Etter oppskriftsmessig å ha vunne 500 meteren, gjekk det ikkje like mykje etter oppskrifta for Hege på 1500 meter. Etter om lag ein runde, gjekk ho over ende i svingen. Ho slo hovudet i isen og var litt småsvimmel med det same. Men heldigvis gjekk det raskt over, og ho fekk ingen skade av fallet. Når ho ikkje stilte til start sundag, var det med tanke på junior-VM som tek til i Polen i slutten av denne veka.
LM nummer åtte
Hege fylte 17 år sist haust, men reglane tilseier at ho likevel går i 16-årsklassen denne sesongen. Med sigeren på 500 meter, eitt og eit kvart sekund før sin argaste konkurrent Hanne Haugland, vart ho landsmeister for åttande gong. At det niande forsøket enda på «ratata», tek ho neppe altfor tungt.
No er all merksemd vend mot Zakopane og junior-VM. Der er det dobbeltmeisterskap, ved at det skal kårast verdsmeister på enkeltdistansar i tillegg til samanlagt. Hege er eitt og to år yngre enn dei fleste av konkurrentane og er neppe sterk nok til å kjempe heilt i toppen. Men ho kan ende høgt oppe både på dei tre kortaste distansane og samanlagt.
Sølv og to bronse
Nille Martha Norhaug Faleide har slite med ein vond rygg i sesongoppkøyringa og gjekk sitt fyrste løp for sesongen for berre 14 dagar sidan. Ikkje minst på den bakgrunn kan ho vere stornøgd med ein sølv- og to bronsemedaljar etter helgas LM på Geithus.
Nille Martha er sterkast på dei korte distansane. Sølvmedaljen kom på 500 meter, der ho var berre 23/100 sekund etter Maiken Nervik, Hamar, som vann alle fire distansane i 15-årsklassen.
Av andre hallingar som deltok, hadde Sigbjørn Eide, Gol (14) sjetteplass på 500 meter som si beste plassering, Sander Søndrål, Hol (13) var nummer 11 på 1000 meter, Samuel Bozenhard, Hol (15) nummer 10 på 500 meter og Lars Fivelstad Smaaberg, Gol (15) nummer 19 på 1000 meter.
RSS
KONTAKT OSS

