Fredag 30.juli 2010

Er i rute til skøyte-NM på Glitre

Om ein månad kjem Håvard Bøkko og heile skøyteeliten til Gol for å kjempe om laurbærkransar og NM-titlar på Glitre.

Fontstørrelse A A A

Noregsmeisterskapet på skøyter er vinterens store idrettsarrangement i Hallingdal. All round-NM for senior er einaste nasjonale meisterskapet i vinter. Korkje i alpint, snowboard, langrenn eller skiskyting skal det kjempast om NM-titlar på hallingsnø denne sesongen.

– Skøytefest

Skøytegruppa i Gol idrettslag fekk tildelt meisterskapet i fjor haust. Hovudkomiteen vart oppretta på nyåret. No er det meste klart til å ta i mot Håvard, Christoffer, Hege og rundt 40 konkurrentar siste helga før jul.

– Det er viktig å ha eit NM i Hallingdal no, skøytesporten står veldig sterkt for tida. I tillegg til landslagsløparane frå Hol er det enorm oppslutning blant yngre løparar både i Gol og Hol. Ekstra inspirerande er det å arrangere NM når me har tre lokale løparar heilt i toppen. Eg håpar hallingane møter mannsterkt opp og lagar skøytefest, seier leiar i hovudkomiteen, Per-Helge Myklebust.

Fire noregsmeistrar

All round-meisterskapa har sterke tradisjonar og ligg djupt forankra i den norske folkesjela. NM på enkeltdistansar som gjekk i Vikingskipet for tre veker sidan, har ikkje same status som samanlagtmeisterskapa. Derfor er det ekstra gjævt å vera vertskap når laurbærkransane skal delast ut.

Konkurranseprogrammet er 500 meter for begge kjønn, og 5000 for menn og 3000 meter for damer laurdag. Sundag er det 1500 meter for alle, 5000 meter for damer og 10000 meter for menn. Dei to lengste gjeld også som distanse-NM, så det blir kåra fire noregsmeistrar på Glitre sundag 21. desember.


– NM er også uttak til EM som går rett etter nyttår, seier startar og ein av veteranane i arrangørstaben, Ola Stølen.


Budsjett på 280.000

Veteranar er det mange av i funksjonærstaben på 50-60. Golingane har lang erfaring i å arrangere store skøytestemne, det siste var junior-NM i 2003. Både arrangøren og isen på Glitre har høg status i skøyteforbundet, og det vog tungt på vektskåla då golingane fekk NM. – Det har også kome mange «nye» foreldre siste åra. Det er viktig å bruke dei og få dei inn i miljøet, seier Myklebust.

Budsjettet for skøyte-NM er på rundt 280.000 kroner. Sponsorkabalen med ECO som hovudsponsor, fall på plass i haust

– Det er eit balansebudsjett, seier Myklebust.

På «trygg» is


Alt er klart, det einaste som står att er å byggje tribune og finpusse isen. Det siste er i trygge hender hjå den erfarne banemeisteren Ola Halvar Jorde.

Golingane kjenner seg bokstaveleg tala på «trygg» is ein månad før startskotet smell. Det einaste som kan stikke kjeppar i hjula er for mange minusgrader.

– Kva med kakelinna?

– Me hadde is 5. november, og det er rekordtidleg. Ei eventuell kakelinne øydelegg ikkje nattesøvnen. Sterk kulde er det store spøkjelset, seier Myklebust og tenkjer lite på tanken om å flytte NM til kunstisen på Geithus som er reservearena.

At NM kjem midt i julestrida, er heller ingen hindring.

– Jul blir det uansett. NM er eit fint avbrekk frå julestrida, seier Gunn Kristin Brennhovd, leiar i skøytegruppa.

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:26 | http://www.hallingdolen.no/sport/article63579.ece

annonse
annonse
annonse
annonse