Sykkelritt i dag
Fyrste etappe av Ringerike Grand Prix går gjennom Hallingdal i dag med start og mål på Geilo.
For tredje året på rad er Norges største etapperitt på sykkel lagt Hallingdal med start og mål på Geilo.
Rittet startar i dag, og opningsetappen er den 135 kilometer lange Tunhovdrunden.
Starten er kl. 1230 så det vert mange syklistar langs Rv7 ned til Nesbyen og opp gjennom Rukkedalen og via Tunhovd tilbake til Geilo. Forventa målpassering på Geilo er kl. 1630.
168 ryttarar frå 14 nasjonar fordelt på 28 seksmannslag står på startstreken og russaren Sergey Firsanov, som vann rittet i fjor, er ein av mange sterke utanlandske ryttarar.
Andre etappe startar på Geilo torsdag. Men i år går ikkje turen over til Valdres, men langs Fv40 til Dagali og ned Numedal med målpassering i Krokstadelva etter 205 kilometer.
Det er fem etappar i Ringerike Grand Prix.
Tredje etappe går fredag frå Drammen til Vikersund (161 km). Fjerde etappe har start og mål i Hønefoss (185 km). Avslutningsetappen på 163 km sundag blir avslutta med ei rundløype på Hønefoss.
RSS
KONTAKT OSS
