Deltek i Europas lengste hundeløp
Ralph Johannessen er blant favorittane i Finnmarksløpet.
Turistverten Ralph Johannessen på Fagerheim på Hardangervidda er den einaste som køyrer for Hallingen hundekøyrarlag i Finnmarksløpet som startar laurdag.
Europas lengste og verdas nordlegaste er ei kraftprøve, men Johannessen bør vera godt rusta.
Haaland debuterte i Finnmarksløpet i fjor, og sa den gongen at det var noko av det mest utfordrande ho hadde vore med på.
Johannessen har køyrt Finnmarksløpet ni gonger, og kan syne til to flotte andreplassar.
Det er Alta Trekkhundklubb som arrangerer løpet. Deltakarane vel mellom eit løp på 500 kilometer med åtte hundar i spann, og det lange løpet på 1000 kilometer med inntil 14 hundar.
Mens det korte løpet går føre seg rundt Finnmarksvidda skal Johannessen og dei andre som køyrer 1000 kilometer køyre tur-retur Alta-Kirkenes.
Her ventar ei veke med is, snø, polare vindar, nattemørke og temperaturar som kan gå under minus 40 grader.
Rekordmange 115 deltakarar frå nær 20 land stiller til start. Blant dei er tidlegare Iditarod-vinnar Robert Sørlie og friluftskjendis Lars Monsen.
Johannessen deltek på grunn av tøff konkurranse i godt kameratskap, som han seier. Målet er å ta ut maksimalt i det erfarne hundespannet.
Ralph Johannessen tek med 20 hundar til Finnmark, og Inger-Marie Haaland er sjølvsagt med som medhjelpar.
Du kan følgje konkurransen på www.finnmarkslopet.no
RSS
KONTAKT OSS

