Fredag 30.juli 2010
Skyting: Terje Svarteberg, Geilo vart samlagsmeister i fletskyting ved Granheim
Vinnar: Terje Svarteberg frå Geilo vart samlagsmeister i felt i helga.

Svarteberg vart feltmeister

Terje Svarteberg frå Geilo skaut seg heilt til topps under årets samlagsstemne i felt.

Fontstørrelse A A A

Samlagsstemnet vart i helga arrangert av Hemsedal, Ødegården og Gol.

66 skyttarar deltok, 28 på grovfelt og 38 på finfelt.

I seniorklassane var det Terje Svarteberg frå Geilo som vart meister.

Med 12/7 i finalen enda han på 41/7 totalt. Nummer to vart Stian Bogar (Hovet og Hol), med 41/3. Siste pallplass kapra Reidar Martin Sørlie (Hovet og Hol), med 40/5.

Torgrim Vedde (Nes) vann rekruttklassa klart, med 34/5.

Nummer to vart Mikkel Storebråten (Gol) med 19/0.

Det var langt jamnare i eldre rekrutt.

Der vann Ida Haugstad Stake (Gol) med 34/5, føre Sigve Dramstad (Uppheim) 34/3.

I juniorklassen gjekk tittelen til Jan Erik Sunde og Geilo, med 36/9. Merethe Åsegård (Uppheim) og Elin Storlien kom på dei neste plassane.

Per Knut Buseth (Vats og Leveld) vann v65, medan Arne Mørk vann i v73.

Det vart også skote stangskyting.

Der vart Stian Bogar (Hovet og Hol) vinnar med 27 treff, to fleire enn klubbkamerat, Per Hammarsbøen.

Det vart ein god dag for Hovet og Hol, som sikra lagsigeren i klasse 2-5, med 85 treff, eitt meir enn Geilo, som hadde 84.

Uppheim vann på innertreff i ungdomsklassane, med 70/48 føre Gol som hadde 70/31.

I veteranklassene tok Hemsedal lagsigeren med 43 treff, eitt treff meir enn Ødegården.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:10 | http://www.hallingdolen.no/sport/article138680.ece

annonse
annonse
annonse
annonse