Fredag 30.juli 2010
Meister: Håvard Bøkko vann som han ville.
FOTO: Torbjørn Gunhildgard

Bøkko suveren norgesmeister

Håvard Bøkko fekk ikkje overraskande sin tredje laurbærkrans.

Fontstørrelse A A A

I allround-NM på Slåtthaug ved Bergen i helga handla det berre om Hol-løparen.

For tredje året på rad vart han norgesmeister, og det var også tredje gongen at han vann alle fire distansane. Med serien 37,38-6,45,08-1,54,28 og 14,08,54 var han over 3,5 poeng føre sølvvinnar Henrik Christiansen. Sverre Haugli kom på bronseplass.

Tida fortel både at meisterskapen gjekk utandørs under atskilleg tyngre forhold enn skøyteløparane får innandørs, og at Bøkko ikkje gjekk på høggir. No ventar verdscupavslutning og VM.

Christoffer Fagerli Rukke gjekk verdenscup i sprint i Erfurt i helga. Sundag vart han nummer 15 i A-gruppa på 1.000 meter med 1,11,30.

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:07 | http://www.hallingdolen.no/sport/article138362.ece

annonse
annonse
annonse
annonse