Tapte bronsefinalen
Håvard Bøkko og Norge tapte bronsefinalen mot Nederland - og fekk fjerdeplass.
Publisert:
28.02.10
Oppdatert:
28.02.10 kl. 09:19
Håvard Bøkko, Henrik Christiansen og Mikael Flygind Larsen måtte nøye seg med fjerdeplass etter bronsefinalen i lagtempo laurdag kveld.
Nederlendarane reiste fort frå i bronsefinalen, men etter ei tid tok det norske laget noko inn att.
Til slutt vann Nederland bronsefinalen med ei tid 0,55 sekund raskare enn Norge.
Nederland, med Kramer i spissen, sette ny olympisk rekord. Det norske laget gjekk òg raskere enn den førre olympiske rekorden.
Canada slo USA i finalen.
Fredag kveld greidde det norske lagtempolaget så vidt å slå Korea med tre hundredelar i kvartfinalen i OL.
Seinare på kvelden tapte dei i semifinalen mot Canada, og skulle dermed gå bronsefinale laurdag kveld - mot Nederland.
Tips ein ven
RSS
KONTAKT OSS
