Fredag 30.juli 2010

Bronsefinale for Bøkko og Norge

Lagkameratane greidde ikkje halde følgje med Håvard Bøkko, og Norge går bronsefinale mot Nederland laurdag.

Fontstørrelse A A A

Det norske lagtempolaget greidde så vidt å slå Korea med tre hundredelar i kvartfinalen i OL.

I semifinalen seinare på fredagskvelden var Canada motstandar, og Norge kom på etterskot frå start.

Norge tok kraftig innpå mot slutten. Men Fredrik van der Horst og Henrik Christiansen greidde ikkje henge med Håvard Bøkko då han auka tempoet på dei siste rundane.

Norge var 1,2 sekund bak Canada.

Dermed blir det bronsefinale for Håvard Bøkko og Norge mot Nederland laurdag kveld.

Kramer og co tapte overraskande mot USA i semifinalen.

Fjerdemanenn på det norske laget, Mikael Flygind-Larsen, gjekk fyrste runde i staden for Christiansen.

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:13 | http://www.hallingdolen.no/sport/article135113.ece

annonse
annonse
annonse
annonse