Fredag 30.juli 2010
Øystein Bråten frå Torpo vann junior 1.
FOTO: Stein Torleif Bjella

Hallingar hevda seg i toppen

Tevlingane i big air i Hemsedal og slopestyle på Gol vart ein demonstrasjon av lokal massemønstring og lokale topprestasjonar. SJÅ VIDEO: Jibbehelg

Fontstørrelse A A A

Av dei vel 50 påmelde var over halvparten av køyrarane frå Hallingdal.

Martin Bøygard var heimefavoritt i slopestyle på Gol sundag etter fyrsteplassen i big air i Hemsedal dagen før.

Bøygard køyrer i det som blir kalla junior 1, altså 13 – 15 år. På grunn av rot med innkallinga til finalerunden i Gol skisenter øydela han ein del av førebuingane til løpet.

Det gjorde ikkje Øystein Bråten frå Torpo som hadde full kontroll sundag og vann like godt klassen.

I den største klassen, junior 2, køyrde Bendik Ulshagen Øye inn til 7. plass i big air.

I heimebakken på Gol låg han godt an sundag, heilt til han fekk trøbbel med bindingen i finalerunden og måtte stoppe opp.

Ulshagen Øye fullførde likevel og fekk fjerdeplassen.

Dei beste i landet i junior 2 var med i helga. Halvard Thon frå Kongsberg vann klassen begge dagane.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:21 | http://www.hallingdolen.no/sport/article118393.ece

annonse
annonse
annonse
annonse