Til topps i tre FIS-renn
Tonje Sekse (17) frå Geilo har vunne tre FIS-renn på like mange dagar.
Geilo-alpinisten og NTG-elev Tonje Sekse er i storform for tida.
Laurdag og sundag vann Sekse to FIS-renn i storslalåm på Norefjell.
Der tok dei jamgamle klubbkameratane Ida Cathinka Guse og Jonas Brun Larson kvar sin tredje- og fjerdeplass.
Måndag og tysdag denne veka arrangerte Ål Alpin FIS-renn i super-G og superkombinasjonen super-G/slalåm i Ål Skisenter for begge kjønn med godt over 100 deltakarar.
Også på Ål vart det topplassering til Tonje Sekse i kombinasjonen.
I tillegg vart ho nummer tre i fyrste super-G-rennet.
Ida Cathinka Guse køyrde inn til to sjetteplassar.
Beste lokale herrealpinist i Ål skisenter vart Jonas Brun Larson med åttandeplass i kombinasjonen som beste plassering i konkurranse med over 70 deltakarar.
RSS
KONTAKT OSS
