Fredag 30.juli 2010
Håvard Bøkko får sekundering av Peter Mueller på vekslingssida.
Brå slutt: Peter Mueller har hovudæra for at Håvard Bøkko er i verdenstoppen. No er seks års samarbeid over. Dette skjer på verst tenkeleg tidspunkt. (Arkivfoto)
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Bøkko er redd OL blir øydelagt utan Mueller

- Det er uaktuelt at Hans Trygve Kristiansen blir trenaren min, seier skøyteløpar Håvard Bøkko. Han utelukkar ikkje at Mueller kan bli hans personlege trenar.

Fontstørrelse A A A

Håvard Bøkko (22) er usikker og lei. Han veit ikkje kva han skal gjera når han no mistar trenaren sin gjennom seks år midt i OL-sesongen.

– Kristiansen uaktuell for Bøkko

Bråket i skøyteleiren enda måndag ettermiddag med at Peter Mueller fekk sparken. Skøytestyret var samla heile dagen i går for å finne ut korleis ein skulle løyse tumultane etter den påståtte trakasseringa av Maren Haugli.

Konklusjonen var klar: Peter Mueller blir løyst frå kontrakten.

– Eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal gjera. Det einaste som er sikkert er at Hans Trygve Kristiansen ikkje blir trenaren min. Treningsprinsippa hans kjem 20 år for seint, seier Håvard Bøkko.

Ingen i nærleiken av Mueller

Det er snart seks år sidan Peter Mueller oppdaga stortalentet frå Hovet då dei møttest under ei landslagssamling på Gol. Det var «kjærleik ved fyrste blikk».

Mueller har hovudæra for at Håvard Bøkko har vore verdas nest beste skøyteløpar dei tre siste åra. Han er også Norges einaste medaljehåp på OL-isen. No har samarbeidet rakna på verst tenkelege tidspunkt.

– Er det aktuelt å engasjere Mueller som personleg trenar ut sesongen?

– Sportsleg ville det vera beste løysinga. For det finst ingen som er i nærleiken av å vera like god trenar som Peter. Men det kan oppstå praktiske problem i forhold til resten av laget og forbundet.

For mykje støy rundt trenare

– Vil eit trenarskifte øydeleggje medaljesjansane dine i OL?

– Eg ser ikkje bort frå det. Det spørst kven som overtek.

– Kven vil du helst skal overta?

– Det har eg ikkje tenkt så mykje på bortsett frå at Kristiansen er uaktuell.

Håvard Bøkko forsvarar ikkje trakassering av Maren Haugli i Berlin for tre veker sidan. Men han synest saka har fått altfor store konsekvensar og har skapt unødig mykje støy midt i sesongen.

– Det har vore fleire småting mellom Maren og Peter enn episoden i Berlin. Dette er ei sak som burde ha vore løyst internt straks og ikkje dukka opp gjennom media fleire veker etterpå, seier ein skuffa Håvard Bøkko.

 

Hva med en kronerulling for å sikre at kontinuitet for de som ønsker å ha Müller som trener??

Skrive av Per L. Opheim 24.11.09 kl. 13:57 KLAG PÅ INNLEGG

Dersom skøyte-sporten skal ha noe stolthet igjen i denne saken så kan de ikke ansette Kristiansen, dette med bakgrunn i at han er part i saken i kraft av å være personlig trener for søskenparet Hauglie. En ansettelse av Kristiansen ville skapt en ny debatt med tanke på skjulte agendaer etc.
Jeg likte veldig godt den tiden vi hadde med Kristiansen som trener men denne tilhører fortiden, har også likt svært godt den tiden vi har hatt med Peter.
Det viktige nå er at arbeidet til Peter og Håvard blir videreført, det er liten tvil om at dette er en suksess oppskrift (iallefall for Håvard).
Gleder meg fortsatt enormt til OL og håper vi ikke blir altfor skadelidende av denne sak som nok en gang understreker medienes makt.

Skrive av Erik Pettersen 24.11.09 kl. 11:26 KLAG PÅ INNLEGG

Til brrrr: Stor i ord liten på jord du eller? Tøff nok til å skrive leserinnlegg er du, men ikke tøff nok til å skrive under med navn.. Håvard er hvertfall tøff nok til å stå for det han mener, og det er jeg og

-Kevin Eikrehagen

Skrive av Kevin Eikrehagen 24.11.09 kl. 01:08 KLAG PÅ INNLEGG

Stakkars bøkko... mista treneren sin! Håper skøyteforbundet ikke hører på alt denne ungen sier! Husker når Kristansen var trener, har vel aldri vært så morsomt med skøyter som da? Og jeg er sikker på at Kristansen har utviklet som på 15 år akkurat som bøkko?
Men, synd for bøkko at kramer er på samme alder som han, men bra for oss som liker og se folk gå noe vanvittig på skøyter!
Bøkko, du kommer aldri til å vinne noe så lenge Kramer har skøyter på beina.

Skrive av brrrrr 24.11.09 kl. 00:27 KLAG PÅ INNLEGG

 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:06 | http://www.hallingdolen.no/sport/article105599.ece

annonse
annonse
annonse
annonse