Suverene holingar
Fire gull, ein sølv og ein bronse er fangsten for holingstrioen på NM sin andre dag.
Syskena Bøkko kom på pallen i kvart sitt løp fredag. Laurdag heldt dei fram, men no kunne også Christoffer Fagerli Rukke stelle seg øvst på pallen. Holingstrioen dominerer NM i enkeltdistansar med å vinne løp på løp.
Hege knuste alle
Hege Bøkko vann både 500m og 1500m. Med tida 40,20 på 500m sette ho ny norsk juniorrekord. Ida Njåtun gjekk inn på andreplass, 1,08 sekund etter Hege og Hanne Haugland kom på tredje. Golingen Nille Faleide kom på 11. plass.
På 1500m tangerte Hege sin personlege rekord på 2.02,38. Sølvmedaljen gjekk også her til Ida Njåtun, mens bronsen gjekk til Mari Hemmer.
Holingsdominans
Også gutane gjekk 500m og 1500m laurdag. Christoffer Fagerli Rukke vant 500m på 36,21, knepent framfor Håvard Bøkko. Dag Erik Kleven tok bronsen med 36,38.
På 1500m tok Håvard revansj og vann med tida 1.47,34. Christoffer gjorde det ikkje mykje dårlegare og kom på tredje med 1.49,16. I mellom holingane kom Mikael Flygind Larsen som gjekk på 1.48,14.
Held fram sundag
Sundag er meisterskapet sin siste dag. Då skal Hege gå 1000m og 5000m, mens gutane skal gå 1000m og 10000m. Christoffer Fagerli Rukke stiller berre til start på den kortaste distansen, mens Håvard Bøkko er storfavoritt til å dra i land sigeren på 10000m.
RSS
KONTAKT OSS

