I front står Gro Torsteinsrud (303), Synne Mæland-Herheim (302) og Anna Espeli (301)
I front står Gro Torsteinsrud (303), Synne Mæland-Herheim (302) og Anna Espeli (301)

640 skiskyttarar på Geilo

Aleksander Fjeld Andersen leia ut frå siste skyting i fellesstarten på Geilo sundag. Det heldt nesten heilt inn.

Skiskyting: I helga var det stort skiskyttartreff på Geilo med 640 påmelde deltakarar.

– Dette er sesongopninga for alle andre enn eliten. Det er moro at så mange tok turen til Geilo, fortel Espen Nordby Andersen i Geilo IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over hundre frivillige var i sving for å lage eit best mogeleg arrangement.

– Alle har stått på, og me er veldig nøgd med gjennomføringa, seier Nordby Andersen.

Leia før sisterunden

I seniorklassen for herrar vart fellesstarten sundag ein thriller sett med halling-auge. Etter to bom på dei første to skytingane låg Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo IL på ein 20.-plass, 54 sekund bak teten. Men etter feilfri skyting på dei to siste skytingane leia han løpet med 11 sekund før sisterunden. Det heldt nesten heilt inn. Han vart til slutt nummer fire, slått med tre sekund av vinnaren Erling Aalvik frå Kvam. Bror Filip Fjeld Andersen hamna på 17.-plass etter fem bom på standplass.

640 deltakarar skaut blink på Geilo.
640 deltakarar skaut blink på Geilo.
Anna Espeli frå Geilo IL vann sprinten i klassa J15.
Anna Espeli frå Geilo IL vann sprinten i klassa J15.
Eskil Mæland-Herheim frå Geilo IL kom på ein flott 2.-plass i sin klasse.
Eskil Mæland-Herheim frå Geilo IL kom på ein flott 2.-plass i sin klasse.
Aleksander Fjeld Andersen gjekk inn til fjerdeplass på fellesstarten sundag.
Aleksander Fjeld Andersen gjekk inn til fjerdeplass på fellesstarten sundag.

Laurdag vart det arrangert sprint. Der vart Filip Fjeld Andersen beste halling med 14.-plass, eitt minutt bak vinnaren etter to bom på standplass.

I seniorklassen for kvinner vart Ane Sandaker Kvittingen frå Geilo IL beste halling med 13.-plass i fellesstarten og 18.-plass på sprinten.

Hallingar på pallen

Det vart også levert fleire gode lokale prestasjonar i junior- og rekruttklassane, både i løypene og på standplass.

Laurdag vart det arrangert sprint. Vilde Hagen Friis frå Ål skiskyttarlag skaut feilfritt og vart nummer fire i si klasse (K19). Geilo IL-løpar Ukaleq Astri Slettemark vann klasse K17, trass tre bom på siste skyting. Mari Torsteinsrud frå Ål skiskyttarlag vart nummer tre i same klasse. I klasse J15 vart det berre hallingar på pallen. Anna Espeli og Synne Mæland-Herheim frå Geilo IL var høvesvis nummer ein og to. Gro Torsteinsrud frå Ål Skiskyttarlag kapra tredjeplassen.

I guteklassane kom Eskil Mæland-Herheim frå Geilo IL på andreplass i klasse G13. Leo Gundersen frå Geilo IL var nummer tre i klassa G12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag var det fellesstart. Ukaleq Astri Slettemark vart nummer tre i klasse K17. I klasse J15 vart Synne Mæland-Herheim nummer to, medan Gro Torsteinsrud vart nummer tre. Anna Espeli gjekk inn til fjerdeplass. Ane Torsgard frå Ål Skiskyttarlag vart nummer tre i klassa J12.

For fullstendige resultatlister, sjåwww.skiskyttertreff.no.