Arne Pålgardhaugen.
Arne Pålgardhaugen.

- Geilo er destinasjonen i Skandinavia med størst potensial

Eitt er sikkert for Arne Pålgardhaugen: Geilo er destinasjonen i Skandinavia med størst potensial. No skal han jobbe endå hardare for å bevise det.

Onsdag i forrige veke: Kring klokka ni denne morgonen slepper Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen nyheita. Gjennom selskapa sine Kikut Eiendom AS og Fredensborg AS kjøper dei Geilo Skisenter AS. Dei eig 50 prosent kvar seg i det nye selskapet Geilo Holding AS. På eigarsida forsvinn dermed mangeårige eigarar som Lorentzen-familien og Bertel O. Steen. Pålgardhaugen og Tollefsen hadde dei første samtalene om oppkjøp for to år sidan, men det var i fjor sommar det vart fart i sakene. Med oppkjøpet av Geilo Skisenter AS blir det nye selskapet ein sentral aktør som skal samle utvikling av eigedom, næring og skiheisar på Kikut, i Vestlia, Havsdalen og Geilohovda. For Arne Pålgardhaugen er det ein draum han har bore på lenge. Sidan 1992 har han vore involvert i eigedomsutvikling i heimbygda. No er han med på å samle kreftene for alpin-Geilo.

Det er fantastisk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må klype meg i armen over det eg er med på, seier han.

Tysdag denne veka: Det er seks dagar sidan skiheisoppkjøpet vart kjent. Det har vore seks dagar med overveldande støtte og mange godord. Frå alle hald kjem lovorda: Hol kommune, turistnæring og geilingar flest. Omkvedet er ikkje til å ta feil av. Dette er grepet mange har drøymt om.

– Det er fantastisk. Ein går gjerne her i si eiga boble utan å heilt sjå betydninga av det me driv med. Men når dette skjer, og ein ser reaksjonane, er det ei stadfesting på at me har gjort noko som er etterlengta. I Norge og Skandinavia var det umogleg å lykkast slik me hadde det. At me fekk det til saman med Ivar Tollefsen er artig. Det har vore eit givande arbeid, seier Pålgardhaugen, lett tilbakelent i kontorlokala til Kikut Eiendom på den gamle skytebanen på Geilo.

Arne Pålgardhaugen.
Arne Pålgardhaugen.
Arne Pålgardhaugen.
Arne Pålgardhaugen.

Ein enkelt skiheis er ikkje interessant.

Dei skyt ikkje med skarp ammunisjon her lenger, men Pålgardhaugen og hans mannskap har fininnstilt siktet på suksess – og treffer stadig blink. Kikut og Geilo Fjellandsby er i løpet av dei siste 25 åra bygd opp til å bli blant dei leiande områda innan fritidseigedommar i Norge. No skal skianlegga i bygda gjenreisast. Men kva har eigentleg vore problemet? Kvifor var det umogleg å lykkast med den gamle organiseringa?

– Ein enkelt skiheis er ikkje interessant. Rett nok har me som har drive skiheis på Geilo hatt eit godt samarbeid. Men selskapa drog i ulik retning, anten frivillig eller ufrivillig, seier Pålgardhaugen, og teiknar eit organisasjonskart med bygdas aktørar på eit nettbrett.

– Det vart intern konkurranse. Då er det vanskeleg å nå ut i marknaden. I teorien kunne det gått, men det fungerer ikkje i praksis. Saman med resten av Geilo får me no meir slagkraft i marknaden. Det handlar om opplevingar. Mange pratar om at bakkane våre er for dårlege, men me har bakkar for «90-prosenten». Det vil seie at nær sagt alle kan trivast.

Me er meir opptekne av å handle enn om å prate om handlinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forventingane er skrudd opp frå alle hald no?

– Ja, og det er høgst rettkome. Eg hadde vorte skuffa om det ikkje hadde skjedd. Men det er forventingar til oss fordi ein ser at det er mogleg å få gjort noko. Våre kjerneområde blir skianlegg, service, aktivitetar og eigedomsutvikling. Men dette handlar også om Geilo, og me håpar å vere ein katalysator som legg til rette for andre.

Forventingane er ikkje skrudd opp av ny optimisme og tru på framtida berre på grunn av eit eigarskifte.

Dei høge forventningane har Arne Pålgardhaugen i stor grad vore med på å skru opp sjølv. Ikkje så mykje på grunn av det han seier, men på grunn av det han gjer. For Pålgardhaugen har gjennomføringskraft, evne til strategisk og langsiktig planlegging og stayerevne, blir det sagt. Sjølv uttrykkjer han det slik:

– Me er meir opptekne av å handle enn om å prate om handlinga.

Så viser også historia dei siste 25 åra at han er ein som får noko gjort.

– Eg har fått oppleve mykje, seier han når han ser tilbake.

I 1992 bygde han si første utleigehytte til Bergen Fonds. Då hadde han i åra før han fullført elektroutdanninga på Ål vidaregåande skole og vore lærling ved e-verket i Hol. Så vart det teknisk fagskule før det eine tok det andre, som han uttrykkjer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

På starten av 1990-talet vart han ein av dei som slo seg opp på hytter og leilegheiter i fjellet. Det starta med Kikut Nord, før han i 1996 kjøpte ein fjelleigedom på 1000 mål på Kikut for 7,8 millionar kroner saman med Arne Sverre Frydenlund. Den første forretningsplanen vart skriven med ein snikkarblyant på ein to tom åtte. Den langsiktige planen var å utvikle området til eitt av dei mest attraktive i Norge. Og Pålgardhaugen kom inn til rett tid. Utover 1990-talet vaks den norske økonomien. Nordmenn fekk generelt betre råd. Mange investerte pengane i eiga hytte på fjellet. Og som Pålgardhaugen og Frydenlund planla, vart Geilo eit av dei mest ettertrakta hytteområda i landet.

– Den gongen var me med på å setje i gang hytteindustrien. Etter kvart utvikla me fjellandsbykonseptet. Det var noko nytt. Då den planen vart godkjent, var det den største til då i Hallingdal. Då vart det vekt ein draum.

Ein skal forstå og respektere dei som er kritiske.

Sidan den gongen er dei omsett eigedom i området for «nokre milliardar». Han er tilfreds med samarbeidet med Hol kommune, og seier han «er veldig fornøgd med å drive butikk her».

- Kommunen har lagt til rette og gitt rammevilkår som ein kan møte framtida med, seier han. Men han veit samstundes at det finst kritiske røyster til storstilte utbyggingar.

– Ein skal forstå og respektere dei som er kritiske. Men me har konsentrert verksemda vår, og det er stor skilnad på dette og ei spreidd utbygging.

No skal langsiktig og systematisk arbeid legge grunnlaget for utvikling av bygdas alpinanlegg.

Det er ein draum han har hatt heilt sidan han bygde den første skiheisen på Kikut for 13–14 år sidan. Men også oppveksten på Geilo, som næraste nabo til skibakkane i Halsteinsgård, er viktig i denne samanhengen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ole Halsteinsgård bygde skisenteret frå botnen. Det fekk eg oppleve på nært hald. Her køyrde me kvar dag, og eg arbeidde også i heisen. Eg fekk mange gode opplevingar då.

Det eg gjer i dag, kan ein sjå resultatet av om fem år.

Seinare arbeidde han for den kjende skilæraren Per Bye. Det er med andre ord langt frå ei ukjent verd han går inn i. Kunnskap og erfaringar frå inn- og utland er også henta inn. Konkurrentar er studert, og han har reist til alpane for å lære. Nettverk innan dei fleste fagområde er på plass. Han vil likevel ikkje love korkje det eine eller det andre av nye prosjekt og utbyggingar i skianlegga. Det er her som med alt anna han driv med: Grundig og langsiktig arbeid.

– Det eg gjer i dag, kan ein sjå resultatet av om fem år. Til dømes er det ei lang øving å legge vatn og kloakk til Kikut. Og eg veit, og har erfart, at ein ikkje kan rekne seg til gode resultat. Men ein kan jobbe seg til det.

No skal me bygge vidare på fundamentet me har

Og denne jobben likar han.

– Skiheis, eigedom, entreprenør. Ein får ikkje ein meir spennande arbeidsplass enn dette.

Lokalpatriotismen er også sterk. Som geiling har han eit sterkt ønske om vekst i heimbygda. Og eitt er han sikker på:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Geilo er destinasjonen i Skandinavia med størst potensial. Til dei som seier noko anna, seier eg: Me kan pratast om fem år. No skal me bygge vidare på fundamentet me har. Me skal også følge med på ungdommen og dei nye trendane. Dei må me ikkje undervurdere. Den nye delingsøkonomien må me også stelle oss til. Men der er det fullt av moglegheiter til å tilpasse oss.

– Så vegen vidare går..?

- Framover.

50 år, Geilo. Gift og har to born. Eig Kikut Eiendom AS. Forrige veke vart det kjent at han har kjøpt Geilo Skisenter AS saman med Ivar Tollefsen.

FEM KJAPPE

Sist lesne bok?

Boka om Steve Jobs av Walter Isaacson.

Favorittprogram?

«Gullgraverne» på Discovery. Og så nyheiter, då.

Favorittmusikk?

Eg har brei smak. Eg høyrer gjerne på det ungane speler. Ein felles favoritt for oss er Elvis. 

Favorittmat?

Eg er glad i omelett. Og eg likar den sveitsiske retten raclette godt.

Perle i Hallingdal?

Vibu i Tuva/Ustetind-området. Eg har også sterk tilknyting til Ustaoset.