«Dette er ei tapt sak. Det er  berre å gni seg i hendene. Men eg tek det ikkje personleg.
«Dette er ei tapt sak. Det er berre å gni seg i hendene. Men eg tek det ikkje personleg.

Fritalande hyttehalling

Det er ikkje lett å få ein tidlegare riksadvokat og høgsterettsdommar til å halde munn – og som til alt overmål har vore leiar i institusjonen Fritt Ord. Då må det smelle i veggene.

Georg Fr. Rieber-Mohn ser dønn ærleg ut der han med eit smil om munnen utbasunerer at «eg kan vel ikkje seie som Listhaug at eg ikkje hadde tenkt å provosere».

– Det var ein nødvendig kostnad for å få kjøtt på beinet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fordi?

– Det er dette generelle frisleppet i utmarksområda eg er oppteken av. Rikspolitikarane har gitt kommunane større fridom til å regulere.

Det måtte bli bråk slik han gjekk til verket då han kritiserte farten på hytteutbygginga i Flå. Den ihuga friluftsmannen, sportsfiskaren og naturelskaren med ei 40 kvadratmeter stor, eller liten, tømmerhytte i Dagali i Flå smelte til i kjent stil mot skadeverknadene av – etter hans meining – ein halslaus hytteutbygging i utmarka. Prangande hytter med stort energibehov som bygger ned og øydelegg urørt natur, enorme naturområde som blir urbanisert til glede for nokre få og med store tap for framtidige generasjonar. Det er skremmande spor å sjå både på Beitostølen, på Geilo og i Rauland, skreiv han i eit lesarinnlegg i Aftenposten, og så viste han like godt til vesle Flå kor gale det kan gå når lokale politikarar med milliardærar i ryggen ser at dei kan skaffe seg store inntekter.

Etter ei stor utbygging på Høgevarde meiner eg det som skjer i Turufjell er å gape for høgt for ein liten kommune.

DET VAR NEMLEG den planlagde Turufjell-utbygginga med nærmare 2000 hytter som han drog fram som eit verstingeksempel. Då hadde han for lengst blåse i gang ein motstand mot den same utbygginga som fekk støtte frå mange utanbygds hytteeigarar. Det enda i eit kompromiss med fylkeskommunen der Flå kommune gjekk med på å halde nokre areal som låg nærmast Vassfaret utanfor planen. Rieber-Mohn fnyser av påstandane om at han berre er ute etter å kjempe for seg sjølv.

– Denne utbygginga kjem ei mil ifrå hytta mi. Berre for å seie det. Men det var planane i Turufjell som eg kjente best til. Derfor. Samtidig er dette det største relativt, og eg understrekar relativt, urørte området på austsida av Flå. Etter ei stor utbygging på Høgevarde meiner eg det som skjer i Turufjell er å gape for høgt for ein liten kommune. Men eg har ikkje bede om stans i hyttebygginga, det er omfanget eg har kritisert.

– Men i denne villmarka er det både høgspentmaster og hytter, og det har vore aktiv skogsdrift her sidan 1600-talet?

– Mastene går forbi hytta mi, og det har vore plukkhogst. Teknisk sett er det ikkje villmark, det er derfor eg seier at den er relativt urørt. Men naturen er øydelagt.

– Forstår ikkje politikarane og innbyggjarane i Flå sitt eige beste?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei tenker kortsiktig. Dei tenker på velstanden til nolevande og neste generasjon, og dei tenker eigedomsskatt og forbruk. Men går det ikkje an å tenke på økologi og ei betre utnytting av naturen også? Ein må ikkje gape så høgt for å få mat. Eg meiner at ein må kunne konsentrere ei utbygging til eksisterande busetnad og ikkje gripe inn i store urørte område. Skal dette gjerast i same tempo som i Flå, vil landet vårt etter kvart sjå heilt annleis ut. Fordelen får dei relativt få som skaffar seg store hytter.

– Hytter og hytter..?

– Ja, ja. Men eg har ikkje noko imot at folk skal ha høg standard. Eg er imot store utbyggingsområde. Det er ikkje berekraftig på sikt.

Jau, då, eg har vore i kulingbyger før.

HAN UNDERSTREKAR at det som skjer er at nokre få norske familiar får eksklusiv råderett over delar av norsk natur som burde ha kome langt fleire til gode – ikkje minst med tanke på etterkomarane.

– Eg er ikkje ute etter Flå. For all del. Der har eg også fleire gode vener. Ballen ligg hjå rikspolitikarane. Kven sparkar ballen først?

Stortingsrepresentant og kjendisfotograf Arne Nævra har alt sparka. Han støtta Rieber-Mohn. Kritikken av Turufjell-utbygginga og den generelle frykta for kva all hytteutbygginga fører til var også tema i «Debatten» på NRK 1. Hytteeigaren på Dagali sette i gang noko.

– Er du glad i rabalder?

– Nei. Men det er ofte nødvendig for å få fram synspunkt. Jau, då, eg har vore i kulingbyger før. Då har det dreia seg for det meste om rettspolitiske og kriminalpolitiske spørsmål. Eg har trening, ler han. Hyttedebatten er meir ein liten bris å rekne. Men det er slik at ei sak står seg best når den blir sett på spissen. Det veit jo pressefolk alt om, ler han hjarteleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han humrar framleis godt der han sit tilbakelent i sofaen i heimen på Hallingby. Han slo rot på Ringerike for over 20 år sidan, langt unna eit travelt byliv og med skog og villmark rett utanfor stovevindauga.

– Det gjeld å presentere ei sak tydeleg. Eg trur nok eg kan den teknikken.

Han er middelklasseguten frå Skien som tidleg fatta interesse for naturen, fuglane og fisken. Men kva skulle han bli? Faren sa at «jus er kjedeleg i studiane, men morosamt i praksis». Guten beit på, og gjekk til topps. Han vart statsadvokat etter kvart, ekspedisjonssjef i Justisdepartementet, sjef for Fengselsstyret, lagdommar, riksadvokat og høgsterettsdommar.

Friluftsinteressa dyrkar han framleis, og den kjem til syne på fleire måtar. Som tidlegare leiar i Villaksutvalet og leiar i Friluftslivets fellesorganisasjon. At han har vore oppteken av miljø og faunakriminalitet, er nok også eit resultat av at han er oppteken og engasjert i miljø og naturvern utover «normalen».

Viss denne «boomen» skal halde fram i 50 år til, kan ein spørje kor dette skal ende.

DET ER NESTEN 60 år sidan familien fann ferieparadiset på Dagali i Flå, og det er 50 år sidan han bygde si første hytte, som barna disponerer. Tømmerhytta bygde han for 20 år sidan. Her ferierer han på 40 kvadratmeter utan straum og utan veg.

– Eg vil ha det spartansk på hytta. Men eg krev ikkje at andre skal ha det slik.

Mens han sit der oppe i øydemarka og nyt livet meiner han at det ikkje er ein menneskerett å ha hytte.

– Hytta kan ikkje bli allemannseige. Viss denne «boomen» skal halde fram i 50 år til, kan ein spørje kor dette skal ende. Berre sjå på kystområda der hyttebygging gjer at folk flest ikkje får tilgang til strandsona.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du motstandar av andres hytte?

– Eg har ikkje protestert på ei einaste hytte i nærleiken på Dagali. Eg har eit godt forhold til naboane.

Han skjenker kaffi og seier at han forstår at ein kommune som Flå som har «lege nede og vore søkkande», som han uttrykkjer det, er begeistra når dei får den støtta dei gjer. «Ein slags utbyggingsrus», kallar han det.

– Dei hadde stått seg på å vere meir moderate. Men det er rikspolitikarane som har skulda. Dei har mista styringa og har ingen samla plan.

Så fekk han sagt det også – ein gong til. Rieber-Mohn vil berre skape engasjement.

– Eg visste det ville bli reaksjonar i Flå, erkjenner han.

– Er du irritert?

– Nei, nei. Dette er ei tapt sak. Dei kan berre gni seg i hendene. Eg tek det ikkje personleg. Mitt engasjement er nasjonalt. I Flå følgjer sigeren deira fane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fred og ro, utan straum og TV, batteridrivne lamper – og mykje lesing. Det blir ei god påske.

HAN AVVISER kontant at det er arrogant å kome utanfrå å fortelje flåværingane kva som er best for dei.

– Det er flåværingar som også er imot Turufjell-utbygginga. Men dei vil ikkje betale ytringsfridomens pris. Men ytringsfridomen er vesentleg. At nokon går laus på meg, er heilt ålreit. Som ordføraren i Flå, Buøen. All ære til han. Eg kjenner han ikkje. Eg har ikkje noko i mot han, men eg gler meg til å møte han. Han skal visst vere ein bra kar.

– Har du fått mykje kjeft?

– Nokon har vore ueinige. Men det er ei grei sak.

Georg Fr. Rieber-Mohn ser ikkje stridslysten ut slik ved første augekast. Ujålete, overstrøymande hyggeleg – og rett fram. Sjølv karakteriserer han seg som ein sindig og roleg mann, og ganske humoristisk, faktisk. Landets øvste domstol ser ikkje ut til å vere tynga av humor. Men stemninga vart annleis då Rieber-Mohn tok sete i den ærverdige bygningen. Taket i terommet måtte isolerast for å hindre at all latteren kunne høyrast i etasjen over. Han ler godt.

I påska set han og kona kursen for Flå att. Han kjenner folk i bygda. «Hyggelege alle saman», seier han.

– Kva slags påske blir det?

– Som påska pleier å vere. Det vil si bering av mat og bagasje frå bilen og til hytta. Er det ikkje skare og hardt føre, må det gjerast med ski på beina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og meir ...?

– Fred og ro, utan straum og TV, batteridrivne lamper – og mykje lesing. Det blir ei god påske.

72 år. Tidlegare høgsterettsdommar.

Gift, tre born. Bur på Hallingby.

Sist lesne bok?

- «Svøm med dem som drukner» av Lars Mytting.

Favorittprogram?

- Dokumentar.

Favorittmusikk?

- Eg er altetande med unnatak av rap og moderne jazz.

Favorittmat?

- Fisk.

Perle i Hallingdal?

Flå Austre, og særleg Dagali.