annonse

Vinterlys på Veståsen

KALD SOL
KALD SOL: Vinterlys på Veståsen i Ål.
HD201410141209852V1.jpg
KALD SOL
KALD SOL: Vinterlys på Veståsen i Ål.
VINTER
VINTER: Kvit og kald vinter på Veståsen i Ål.

Veståsen, Ål; 6. desember 2007

For underteikna er det Veståsen som alltid har vore Åsen. Sommar som vinter. Der har det blitt mange turar, både til fots og på ski. Og mange bilete frå dette flotte terrenget har hamna på trykk her i spaltene våre.

«Nede i dalføret er bygdene grå av kulde. Himmelen er også grå. No midtvinters er sola vekke frå fleire bygder i Hallingdal». (Hallingdølen 20. desember 2007)

«Akk ja, sukkar mange. Slik er det på denne tida. Desember er kald og mørk. Men dei tek faktisk litt feil. For kjem du berre opp på åsen, så er alt heilt annleis. Her oppe skin desembersola; den spreier sitt låge vinterlys på skrå over landskapet. Busker, tre og ein einsleg skiløpar kastar lange skuggar. Rimfrosten klamrar seg rett nok også til trea, men her glitrar snøkrystallane som kvitt gull i motlyset. Kva skal vel naturen med kunstig pynt når den kan pynte seg sjølv så overdådig?»

«På denne tida av året er det heller ikkje kø i løypene. Nokre få ivrige entusiastar har tatt fram skia. I flott vintervêr, og med strøkne løyper, har dei heile fjellet for seg sjølv. Midt på dagen kan du faktisk kjenne varmen frå sola. Men den blir tidleg borte, alt i tretida dukkar den ned bak åskanten på Veståsen i Ål, der desse bileta er henta frå.

Hittil i år har me hatt ein kvit vinter av det gode, gamle slaget. Og meir godt er i vente. Snart er det jul. Og om to dagar snur sola». (Hallingdølen 20. desember 2007)