Dei fleste trafikkskular samarbeider seg i mellom. Sletto fekk og tilbod om å samarbeide, men valde å køyre sitt eiget løp.
Dei fleste trafikkskular samarbeider seg i mellom. Sletto fekk og tilbod om å samarbeide, men valde å køyre sitt eiget løp.

Ung læremeister

Å lære andre å køyre bil er ikkje for den som har nervane utanpå kroppen. Men for trafikklærar Terje Sletto (24) kan faktisk elevane i slutten av opplæringa vera dei skumlaste.

Då forventar dei fleste at eleven skal meistre det som krevst for å klare seg på eiga hand i trafikken.

– Så når nokon som aldri har gjort noko rart, plutseleg slår til med ein skikkeleg rampestrek, blir ein litt sett ut, forklarer Sletto.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med ein svak elev er ein alltid meir på vakt.

DEN VESLE TRAFIKKSKULEN med gul logo og to bilar i stallen, er midt i eit generasjonsskifte. Skulen har vore pappa Vidar Sletto sitt produkt sidan 1997. Arvingen Terje tok over som dagleg leiar i fjor. Det var ikkje heilt som forventa, skal ein tru Terje sjølv.

– Det låg absolutt ikkje i korta at eg skulle gå i fotspora til far min. Eg var meir glad i dataspel og slikt, men voks det frå meg. Men eg har vore med far min mykje når han har vore på jobb, og tenkte til slutt at det såg ganske artig ut, og noko eg kunne passe til sjølv.

Terje Sletto.
Terje Sletto.
Sletto tilbyr ikkje automatbil per i dag, men behovet er der.
Sletto tilbyr ikkje automatbil per i dag, men behovet er der.
Terje Sletto og elev Silje Sørensen (17) oppsummerer dagens køyretime.
Terje Sletto og elev Silje Sørensen (17) oppsummerer dagens køyretime.
Det er greitt å ha nok plass til elevar på trafikalt grunnkurs.
Det er greitt å ha nok plass til elevar på trafikalt grunnkurs.
To MC-hjelmar får god tid til å kvile på pulten før neste års sesong startar.
To MC-hjelmar får god tid til å kvile på pulten før neste års sesong startar.
Terje Sletto.
Terje Sletto.
Å vere ung trafikklærar ser Terje på som ein styrke, då han er på eit jamnare plan med elevane.
Å vere ung trafikklærar ser Terje på som ein styrke, då han er på eit jamnare plan med elevane.

Og det gjer han, denne karen frå Øygardane i Gol. Men å vera utdanna trafikklærar er ein ting. Det er noko ein studerer og får nok av praksis på ved universitetet i Stjørdal. Men ein lærer ikkje alt på studiet. Blant anna «Korleis drive butikk?»

{{imageLeft}}

PLANEN VAR Å JOBBE SOM TILSETT for faren i eit par år, og deretter ta over. Men dei fann ut at det var mest gunstig at Terje tok over med ein gong. Terje vart difor kasta rett inn i rolla som dagleg leiar, og med ansvar for heile bedrifta. Vidar er fagleg leiar for å sikre at jobben Terje gjer som nyutdanna er på eit forsvarleg nivå.

– Myndigheitene har utarbeidd ein læreplan som trafikkskulane må følge. Som nyutdanna har du ikkje lov til å starte for deg sjølv. Dei fryktar at det kan bli litt «vill vest» i bransjen om alle som går ut av studiet startar for seg sjølv.

Å gå frå student til dagleg leiar var òg ein stor overgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var tøft. Kjempetøft. Alt første dagen som dagleg leiar klarte eg å bli rundlurt av telefonseljarar. Det skjedde etter at me vart registrert i Brønnøysundregistra. Eg kvidde meg for å ringe far min for å fortelje at eg alt første dagen klarte å kløne det til, men etter ein telefonsamtale med forbrukarrådet, vart dei plutseleg veldig medgjerlege og sleppte meg frå avtala. Eg truga med å tipse TV2 Hjelper Deg også.

Ikkje heilt den beste starten ein nyetablert kan håpe på. Men sidan har ting gått over all forventning.

– Å ta over etter far min betydde at eg fekk ein alt etablert kundemasse på 10–15 aktive elevar. Mange var skeptiske i starten, men det gjekk seg til etter kvart. Eg frykta at det ville gå tregt i starten, at det ville bli mykje tid på kontoret. Men bilen er i gang stort sett heile tida, og det gir inspirasjon.

Å VERE UNG I ENKELTE YRKE kan by på utfordringar, både hjå kundar og den det gjeld. Terje var ferdig utdanna og kvalifisert til å drive køyreopplæring då han var 23 år. Mange av kundane er eldre.

– I starten syntest eg det var litt rart å skulle lære opp folk som er eldre enn meg. Men no er kundemassen i all hovudsak ungdom i 17–19 års alderen, så då går det litt betre. Eg har jo relativt nettopp vore i den alderen sjølv, og kan relatere meg til det dei går igjennom. Men det er klart, skiljet blir større og eg har ikkje lenger same tilknyting til denne ungdomsgruppa reint sosialt. Men eg ser på det som ein styrke heller enn ei utfordring å vere ung trafikklærar. Elevane synest kanskje det er meir avslappande å køyre med meg enn med ein meir autoritær figur.

{{imageLeft}}

Å arve bedrifta til far, betyr og ei viss rolle å leve opp til. Eller å kompensere for noko som ikkje har vore der.

– Far min var gjerne den som var litt streng, og det visste alle som køyrde med han. Der er kanskje eg litt meir tolmodig. Eg har òg blitt meir trygg i rolla. Før var eg veldig detaljert og ting var generelt veldig firkanta. No er det mest viktig å få fram poenget og prinsippet. Dersom det framleis er å forstå, teiknar ein opp litt meir detaljert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sosiale media verkar også meir naturleg for ein ung bedriftseigar. Terje Sletto har gjort det til ein tradisjon legge ut bilete på Facebook av alle som har teke førarkort hjå han.

– Men den fyrste eg spurde blånekta. Han forstod ikkje vitsen med å legge ut slike bilete. Eit år seinare er det blitt så vanleg å legge ut foto at det kan bli problem andre vegen.

– Me gløymde oss bort på ein person. Då begynte kompisane å stusse på om vedkomande hadde stroke, gliser Terje Sletto. – Men for ikkje lenge sidan tid tok den fyrste eleven hengarlappen. Og då var det ikkje snakk om å nekte, for då hadde han sett kva greia var og at det var ganske akseptert!

FEM TRAFIKKSKULAR skaper konkurranse om elevmassen i Hallingdal. Trafikkskular lever ofte på jungeltelegrafen. Det blir ofte slik at dei andre følger den første i vennegjengen når det gjeld val av trafikkskule.

– Me har eit greitt samarbeid og dialog oss køyreskular i mellom, samtidig som det er normal konkurranse. Det verkar som om me alle har nok å drive med gjennom eit år, så nokon bitter konkurranse er det ikkje.

I ei verd som blir stadig meir automatisert, er det blitt slik at elevane kan velja om dei vil lære å køyre bil med manuell giring eller berre køyre med automatgir. Sletto har berre manuelt gir i stallen per no. Det gjer at potensielle kundar snur i døra.

– Eg har vel hatt ein sju-åtte stykk eg har vore nøydd å seie nei til.

EIN ANNAN «ULV» er den mykje omdiskuterte fråværsgrensa i vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nok det store irritasjonsmomentet for alle trafikkskular. Men ein må berre gjere det beste ut av det. Det er nesten umogleg å bu i Hallingdal utan sertifikatet. Om ein skriv opp på ein lapp til eleven når dei skal søke jobb at nokon timar av skuleåret har gått med trafikkopplæring, så er nok det ei grunngjeving for fråvær dei fleste arbeidsgivarar aksepterer. •