Storebottskarvet.
Storebottskarvet.

Tre populære toppturar

Nybegynnar eller erfaren? Fjella i Hemsedal byr på flotte opplevingar for alle, uansett nivå.

Dei aller fleste turane er reine «Nær vegen-opplevinga». Det blir lite trasking før motbakkane er i gang. Her er tre turforslag:

Storeskardnøsin (1502 moh.) 

Desse toppane kan ein nå både frå nord og sør. Begge sider kan by på fine nedkøyringar og ein kan legge opp turen etter føreforholda. Frå nordsida går starten frå parkeringsplassen like ved Feten i Grøndalen. Herifrå kan ein følge ein av bekkedalane opp mot Vardetjørne før ein går over flata og opp mot toppen. Frå sørsida startar turen ved Storeskardvatnet langs Rv52 og går oppover på austsida av Steinbunøse og vidare opp mot toppen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nibbi (1741 moh.) 

Nibbi er ein klassikar i Hemsedal. Her er det alltid mykje folk. Toppen stig jamt nesten 800 høgdemeter. Det ligg ofte god og laus snø i bekkedalen under toppen, der er det veldig fint å køyre. Dei meir røynde kan ta andre nedkøyringar som er brattare og meir krevjande. Følg vegen mot Lykkja og ta av mot Ulsåkstølane. Parkering ved Løkjestølane. Hugs 50 kroner til bompengar.

Storebottskarvet (1719 moh.)

Storebottskarvet og veslebror Råskardfjellet (1609 moh.) er også populære. I 2017 vart det tromma saman til dugnad for å lage ei ny bru over Mørkedøla slik at toppane er tilgjengelege også på våren. Turen til Storebottskarvet er på 800 høgdemeter. Første del opp mot det flate platået går stort sett i bjørkeskog. Derfrå er det snaufjell opp mot toppen. Ein høgspentledning gjer orienteringa enkel og ein kan velje mange ruter både opp og ned. Toppen står i le for vestavêret og egnar seg derfor tidleg på sesongen og kan gåast lenge ut på våren. 

{{facts}}

Storeskardnosne.
Storeskardnosne.
Nibbi.
Nibbi.
Storebottskarvet.
Storebottskarvet.
«Bratt» finst til Android og iPhone.
«Bratt» finst til Android og iPhone.

{{imageLeft}}

Lurer du på kor bratt det er?

Appen «Bratt» vart lansert i 2017 og er eit godt hjelpemiddel for dei vil vere på sikker grunn i bratt terreng.

Med appen kan du sjekke hellingar, laste ned kart offline og velje ei trygg rute både opp og ned. Slik kan ein unngå område der det potensielt kan losne skred (brattare enn 30 grader).