Hallingdolen

Reportasje

"Toppidrett er store kontrastar og sterke fargar. Rosenraudt og kolsvart om kvarandre."

"Toppidrett er store kontrastar og sterke fargar. Rosenraudt og kolsvart om kvarandre."

Han stoppar ikkje opp for å feire suksess. Ikkje på idrettsbanen og ikkje i næringslivet. For Ådne Søndrål har vegen alltid vore større enn målet.

Se dette bildet i full størrelse
Arkiv - Ung Ein ung Ådne Søndrål på Hol stadion.

Ung: Ein ung Ådne Søndrål på Hol stadion.Foto: Arkiv

Store prosjekt og høge ambisjonar har alltid vore ein del av han. Men dei fleste hugsar han best som skøyte- løpar.

Mannen som tok tre medaljar på fire OL. Som tidleg i karrieren hadde lett for å falle i siste sving, men som reiste seg att og sanka medaljar. Og som endeleg fekk OL-gullet i Nagano i 1998.

Halve heimbygda var på flyplassen for å hylle OL-helten. I mange år var han stjerna i norsk skøytesport, og sanka medaljar jamt fram til han gav seg etter OL i Salt Lake City i 2002.

Sjølv dveler han ikkje lenge ved dei store hendingane.

– Eg tenker lite på det som har vore. Eg har alltid vore veldig på veg mot noko. Det var den store gutedraumen å lukkast på skøyter, vinne VM og vinne OL. Det gjer deg trygg å vite at du klarte det som var draumen. Då har du tru på at du får til andre ting òg, meiner han.

Arkiv - Tidleg Ådne Søndrål på hybelen i Gol, som fersk landslagsløpar.

Tidleg: Ådne Søndrål på hybelen i Gol, som fersk landslagsløpar.Foto: Arkiv

Sjølv om han no er litt på utsida, gler han seg over suksessen innan norsk skøytesport denne vinteren.

– Det blir jobba hardt, og det er moro å sjå resultata. Eg hadde òg ein lang periode der alle forventa at eg skulle gjere det bra. Det var krevjande. Men det skjerpa meg også, seier Søndrål.

Se dette bildet i full størrelse
Arkiv - Junior Ådne Søndrål tok fleire NM-titlar i både junior- og senioralder. Her i 1989.

Junior: Ådne Søndrål tok fleire NM-titlar i både junior- og senioralder. Her i 1989.Foto: Arkiv

HAN SER PÅ LIVET som ei bok. Kapittelet om idrett handlar om ein unik periode. Han trur aldri han på ny vil oppleve noko som han brenn like sterkt for. Idretten var både jobb, lidenskap og hobby. Idretten var heile livet i eitt.

– Toppidrett er rosenraudt og kolsvart om kvarandre. Dei fargene du set på livet som toppdrettsutøvar blir også veldig synlege for alle andre. Livet seinare går meir i gråtonar. Det blir kjedelegare. Overgangen er ei utfordring.For meg, og for mange andre.

Han sit ved kjøkkenbordet i huset i Holmenkollen. Skjenkar kaffi og spør etter nytt frå heime. Ute skin novembersola frå ein knallblå himmel. Frå kjøkkenglaset ser ein utover hovudstaden. På verandaen ligg minstejenta og søv. Det er nokre timar med ro i ein ofte hektisk kvardag. I stova ligg OL-medaljane framme. Dei ligg der mest som minne som gir han gode kjensler når han iblant tenker tilbake. Lenge låg gull, sølv og bronse i kvar sin boks heime på garden i Hol.

– Dei fyrste ti åra låg dei på låven. Ei stund visste eg ikkje heilt kor dei var. No er dei som ein suvenir, eit minne om ein plass i livet, frå ei reise, noko ein har opplevd. Men eg har glede av å kikke på dei no og då. Då tenker eg at det var ganske gøy å vera med på.

Birger Morken - To heltar Ådne Søndrål hjelper Håvard Bøkko med skøytene seint på 90-talet.

To heltar: Ådne Søndrål hjelper Håvard Bøkko med skøytene seint på 90-talet.Foto: Birger Morken

HAN TOK SJØLVTILLITEN med seg inn i næringslivet. Skifta ut treningsdress og skøytekoffert med skjorte og stresskoffert. Han hadde jobba i både finans, meklarhus og hotellbransjen før han starta for seg sjølv.

– Som idrettsutøvar er du full av sjølvtillit. Du blir høg på kjensla av at alt du seier er fasit. Alle lyttar og alle er samde med deg. Men sjølv om du er best i verda på skøyter, så er du ikkje nødvendigvis best i alt. Når du opnar døra til ei verd der du er heilt tilbake som junior, blir det ein enorm overgang.

Han opplevde at folk sette han i bås. Når kundar skulle plassere pengar, vart dei skeptiske. Mannen på andre sida av bordet var «han skøyteløparen». Kunne han noko som helst om investeringar?

– Eg valde ei næring der eg ikkje hadde nokon fordel av det eg hadde gjort før, kanskje heller det motsette. Det var ein døropnar å ha eit kjent namn, men utover det var det like mykje ei ulempe. Eg valde å starte innan finans. Der tenkte ikkje folk automatisk at han som var flink på skøyter nødvendigvis var egna til å plassere pengane deira. Du måtte kvar dag bevise kva du kunne. Då vart det også nokre slag i trynet.

Men det var som sjølvstendig næringsdrivande at han fann fram til forretningsmannen Ådne Søndrål.

Se dette bildet i full størrelse
Scan-foto - Endeleg Ådne Søndrål strekker armane over hovudet etter OL-gullet i Nagano i 1998.

Endeleg: Ådne Søndrål strekker armane over hovudet etter OL-gullet i Nagano i 1998.Foto: Scan-foto

Se dette bildet i full størrelse
Arkiv - Heimkjær Ådne Søndrål heime på garden i Hol etter OL-gullet i 1998.

Heimkjær: Ådne Søndrål heime på garden i Hol etter OL-gullet i 1998.Foto: Arkiv

I 2010 OPNA HAN NORWEGIAN OUTLET i Vestby. Det er skrive mykje om prosjektet frå han og kompanjongen Trond Brattli starta arbeidet i 2007, til dei selde seg ut i haust. At starten for Outletbyen var tøff, legg han ikkje skjul på. Men han meiner media bles opp problema.

– Eg er lei kriseoverskriftene om kor dramatisk det var. Det var ikkje slik me oppfatta det. Det var beinhard jobbing. Mykje stod på spel, og det var mange pengar. Men slik er det for alle som gjer store investeringar. Eg var også gjennom eit samlivsbrot i denne perioden. Det å skilje seg er ein bøyg i livet, men det var heller ikkje verre for meg enn for andre.

Men det gjekk ikkje så lang tid før det snudde. «Black Friday» var noko av nøkkelen til at Outletbyen fekk merksemd og vekst.

– I Norge er me gode til å importere amerikanske skikkar. Så får det vere om ein likar eller ikkje likar ting som Halloween, men dei kjem ofte for å bli. Dette låg latent. Me måtte finne på noko som genererte mange folk for ein billig penge. Det vart «Black Friday». No har det vorte gigantisk stort, og kanskje litt for mykje.

Tilfellet ville det slik at organisasjonen «Framtida i våre hender» ville lansere ein handelsfri dag i Norge, på same dato.

– Eg har veldig respekt for organisasjonen, men me hadde litt ulike roller. Me møttest til debattar i TV og radio. Me krangla på direkten, men hadde det kjekt utanom sendetid. Både me og dei kom godt ut av det. Dei fekk ein arena å synast på, og me fekk også merksemd.

Arkiv - På topp Ådne Søndrål i lag med Kong Harald og Johann Olav Koss.

På topp: Ådne Søndrål i lag med Kong Harald og Johann Olav Koss.Foto: Arkiv

I tillegg hadde dei eit kontroversielt stunt med modellar i hudfarga drakter på Egertorget i Oslo. I morgontimane siste fredagen i november, stod det kø utanfor inngangsdørene i Vestby.

– Korleis var det då å sjå at det de hadde tru på fungerte?

– Det er litt som å drive idrett. Det er periodar der du må jobbe hardt og gjere ting riktig. Så kan det bli nokre strafferundar, men du lukkast til slutt. Når me gjekk frå å vere heilt underdog til å selje ein av dei dyraste outletbyane i Europa, så er jo det moro. Hadde eg gjort heile prosjektet ein gong til? Ja, det hadde eg.

For Ådne er hardt arbeid mot eit mål vel så kjekt som å sjå tilbake på noko som lukkast.

Når han hadde sløyd på skulen og oppgåva var å lage skjerefjøl, ville Ådne aller helst lage kiste.

– Eg gauv laus på noko som eg ikkje hadde kompetanse til, og som aldri vart heilt ferdig. Men eg hadde mykje glede over å få til noko som var større enn ei fjøl. Slik har det vore i livet elles òg.

Arkiv - Kaos Halve Hol var på Fornebu då Ådne Søndrål kom heim som olympisk meister.

Kaos: Halve Hol var på Fornebu då Ådne Søndrål kom heim som olympisk meister.Foto: Arkiv

Arkiv - 1999 Ådne Søndrål øvst på pallen etter 1500 meteren under allround-VM i Vikingskipet. Rintje Ritsma til venstre og Martin Hersman til høgre.

1999: Ådne Søndrål øvst på pallen etter 1500 meteren under allround-VM i Vikingskipet. Rintje Ritsma til venstre og Martin Hersman til høgre.Foto: Arkiv

NO HAR ANDRE TATT OVER I VESTBY. For svimlande 1,1 milliardar selde dei til britiske Hammerson. Søndrål og Trond Brattli eigde ti prosent kvar av firmaet, og sat att med titals millionar i forteneste.

Vestby er eit avslutta kapittel. Han har bladd om i boka. På neste side står det Finland, og den vesle byen Vantaa. Den ligg mellom hovudflyplassen og Helsinki. Ved sida av ein stor IKEA er dei i ferd med å skape Finlands fyrste outletby.

– Det er på mange måtar ein kopi av det me har gjort i Norge. Finland er eit annleis land. Det er lett å tenke at Norge, Sverige og Finland er veldig like. Men finnane er meir stillfarne og meir alvorlege. Eit handtrykk er eit handtrykk.

– Kva er positivt med slike konsept?

– Kjøpesenter er bygd for effektivitet og kjapp, målretta handel. Det er forska på det, og i snitt brukar folk 16 minutt på eit senter. I ein outletby brukar folk gjennomsnittleg to timar. Dit tek dei med seg familie og vener og har betre tid. Det er også mykje rolegare, meir noko du gjer på ein fridag.

Han er fascinert av handel som fenomen. Kva er mekanismen for få folk til å gå timevis i butikkar?

– I dag må butikkane levere kvalitet. Det er ikkje lenger slik at folk kjøper sko på den einaste skobutikken i bygda, berre fordi dei har sko. Forretningane har konkurranse frå heile verda etter at nettshopping vart vanleg. Har du ikkje eit godt konsept, så tapar du. Me må tilføre kundane noko meir enn berre ei vare. Handel er å ta verda på pulsen. Handel er psykologi.

Se dette bildet i full størrelse
Arkiv - Heltar Frå venstre Johann Olav Koss, Finn Hodt og Ådne Søndrål.

Heltar: Frå venstre Johann Olav Koss, Finn Hodt og Ådne Søndrål.Foto: Arkiv

Se dette bildet i full størrelse
Arkiv - Heimebane Ådne Søndrål snører på seg skøytene under trening i Vikingskipet. T.v. trenar Tom Erik Oxholm. Bak Grunde Njøs.

Heimebane: Ådne Søndrål snører på seg skøytene under trening i Vikingskipet. T.v. trenar Tom Erik Oxholm. Bak Grunde Njøs.Foto: Arkiv

HAN ER ODELSGUT I HOL. Førebels har han halde seg unna å drive butikk i eigen heimbygd.

– Eg kan godt tenkt meg å investere i Hallingdal. Men per no har eg ikkje tid til det. Eg var nær på Ål ein gong, men det vart ikkje noko av. Flå og kanskje Geilo har utvikla seg mykje, medan Ål og til dels Gol har større utfordringar. Det er ein interessant marknad.

Ein hektisk kvardag med jobb og familieliv gjer det vanskeleg å busetje seg på garden med det fyrste. Oppveksten står i sterk kontrast til der han er i dag.

– Det er den eldste garden i Hol. Det skjønar eg godt når eg veit korleis utsikta er. Det er ein fantastisk plass. Eg er veldig glad i garden og plassen. Oppveksten kunne ikkje blitt betre, med tre generasjonar og gommo og goffa på andre sida av vegen. Dei fyrste åra hadde me ikkje traktor heller. Det var veldig gammaldags og mykje jobb, men veldig fint likevel. Eg lærte mykje av å vekse opp slik.

Arkiv - Samla l. Ådne Søndrål ynskjer Håvard Bøkko t.v. og Christoffer Fagerli Rukke lykke til som arvtakarar på isen i Hol i 2004.

Samla: l. Ådne Søndrål ynskjer Håvard Bøkko t.v. og Christoffer Fagerli Rukke lykke til som arvtakarar på isen i Hol i 2004.Foto: Arkiv

Veslejenta har vakna og vil inn på armen. Med hektisk familieliv og flyturar kvar veke vil det ta til før det blir snakk om å flytte heim.

– Akkurat no skulle eg helst budd i Finland, forretningsmessig. Eg er i Finland eit par gonger i månaden, og på Gardermoen nesten kvar veke. Men sjølv om eg har budd lenger i Oslo enn i Hol, så er det framleis på garden eg får kjensla av å kome heim. Der finn eg ro. Der er den finaste utsikta eg veit om. Eg håpar eg kan flytte heim til Hol ein gong, men per no er det ikkje aktuelt. Eg har framleis mykje ugjort i forretningslivet.

Sigmund Krøvel-Velle - I Vestby Ådne Søndrål midt i Outlet- byen i Vestby i samband med opninga i 2010.

I Vestby: Ådne Søndrål midt i Outlet- byen i Vestby i samband med opninga i 2010.Foto: Sigmund Krøvel-Velle

Mona N. Stensvold - Hektisk To små ungar og mykje reising gjer at timeplanen til Ådne Søndrål ofte er full.

Hektisk: To små ungar og mykje reising gjer at timeplanen til Ådne Søndrål ofte er full.Foto: Mona N. Stensvold

Arkiv - Ekspert Ådne Søndrål var sidekommentator på NRK i fleire år. Her saman med Ove Eriksen under VM i 2009.

Ekspert: Ådne Søndrål var sidekommentator på NRK i fleire år. Her saman med Ove Eriksen under VM i 2009.Foto: Arkiv

Arkiv - Familiefar Ådne Søndrål i lag med sonen Sander Søndrål, som satsa på skøyter for nokre år tilbake.

Familiefar: Ådne Søndrål i lag med sonen Sander Søndrål, som satsa på skøyter for nokre år tilbake.Foto: Arkiv

Mona N. Stensvold - Familiefar Ådne Søndrål med yngstedottera, Tilde, på armen.

Familiefar: Ådne Søndrål med yngstedottera, Tilde, på armen.Foto: Mona N. Stensvold

Mona N. Stensvold - Skilnad Det er store kontrastar mellom familieliv og forretningar for den tidlegare skøyteløparen.

Skilnad: Det er store kontrastar mellom familieliv og forretningar for den tidlegare skøyteløparen.Foto: Mona N. Stensvold