Jakob Jomafjell var av dei dyktigste til å bruke kniv i samband med slakting.
Jakob Jomafjell var av dei dyktigste til å bruke kniv i samband med slakting.

Tøft liv som tamrein-gjetar

Det var tamreindrift i stor stil på Hardangervidda til langt ut siste århundre. Denne artikkelen skal handle om tre av dei siste karane som gjette rein der.

{{imageLeft}}

JAKOB JOMAFJELL (1910–1994) vart født i ei hytte på Fjellberg Brakke ved Haugastøl. Båe foreldra dreiv med reindrift. Det blir fortalt at dei tok i mot ungen sjølv, så bytast dei på å vera barnepassarar og å gjete rein. Båe foreldra, Anna Maja f. Jomafjell og Anders Zarissen var sørsamar, og Jakob var oppkalla etter bestefaren Jakob Jomafjell d.e. som kom til Tinn i Telemark ca. 1890 frå Namdalen. Far til Jakob, Anders Zarissen, hadde slekta si frå kysten nord for Namsos. Besteforeldra Johan Mikal Zarissen og Marie Andersdotter kom fyrst til Voss og Hardanger, og etter at kona var død medan dei budde i Eidfjord, hamna Johan Mikal i Uvdal, der dei framleis har etterkomarar. Men Johan Mikal Zarissen fraus i hel i vinteren 1906 på veg over Vidda til Eidfjord, ved Stigstuv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jomafjell voks opp med reindrifta og dreiv med tamrein heile livet. Han byrja som reinsgjetar for Opdal Renkompani i 1934 i heimbygda Uvdal. Her stifta han familie og han var gjetar til selskapet måtte leggje ned i 1957. Jakob blei etter kvart kjent som ein uvanleg dyktig reinsgjetar. Fotografen Johan Brun som er oppvaksen i Uvdal, har fortalt at Jakob blei ein han såg opp til i ungdomen: Jakob var dristig med det meste han føretok seg. Han var god på ski, god til å danse – ein friskus med godt humør. I gjetarsamanheng fekk han ansvar for å vera den som brukte kniven i samband med reinslakting, her var han uvanleg flink og i fleire samanhengar var han den einaste som fekk lov til dette. Han kunne òg joike og kunne bruke joiken når dei skulle flytte ein reinsflokk.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

DÅ OPDAL RENKOMANI måtte slakte ned i 1957, blei Jakob Jomafjell reinsgjetar i Setesdal, i Byklehei Reinsamlag. Han og Gunnar Nørstebø, også han frå Uvdal, drog sørover på gjeting. Men Gunnar treivst ikkje der og drog attende. Dei gjekk på ski, han og Gunnar, frå Hovden til Uvdal via Haukeliseter denne våren og brukte berre to dagar. Dei var i topptrim desse reinsgjetarane.

Johannes Grøthe med hunden Porad ved Breistølen.
Johannes Grøthe med hunden Porad ved Breistølen.
Johannes Grøthe, t.h., saman med andre gjetarar i Nordfjella.
Johannes Grøthe, t.h., saman med andre gjetarar i Nordfjella.
Jakob Jomafjell med samekufta.
Jakob Jomafjell med samekufta.
Reinsgjetarane Jakob Jomafjell (t.h.) og Edvard Sommerseth på Haukeliseter 1958, truleg på veg frå Setesdal til Uvdal.
Reinsgjetarane Jakob Jomafjell (t.h.) og Edvard Sommerseth på Haukeliseter 1958, truleg på veg frå Setesdal til Uvdal.
Amund Johnsen i Geilo sentrum med køyrerein.
Amund Johnsen i Geilo sentrum med køyrerein.
Reingjetarar var fast innslag på  Hardangervidda i mange tiår. Tam- reindrift sør i fjell- heimen strekkjer seg  tilbake til 1780-åra.
Reingjetarar var fast innslag på Hardangervidda i mange tiår. Tam- reindrift sør i fjell- heimen strekkjer seg tilbake til 1780-åra.
Det hadde vore innbrot i fleire hytter i Østerdalen, difor blei gjetarane på Lappestein spurt om dei hadde sett noko. F.h. Aslak Eira, Klermmet Gaup, Harald Bryplass, politimann frå Bergen,Vebjørn Knutsen, Kristian Sveinunggard og Amund Johnsen. (Foto utlånt av Knut og Helga Sveiunggard)
Det hadde vore innbrot i fleire hytter i Østerdalen, difor blei gjetarane på Lappestein spurt om dei hadde sett noko. F.h. Aslak Eira, Klermmet Gaup, Harald Bryplass, politimann frå Bergen,Vebjørn Knutsen, Kristian Sveinunggard og Amund Johnsen. (Foto utlånt av Knut og Helga Sveiunggard)
Ingrid Johnsen og nevøen Mattis Danielsen ved samegammene ved Fagerheim som Amund Johnsen bygde.
Ingrid Johnsen og nevøen Mattis Danielsen ved samegammene ved Fagerheim som Amund Johnsen bygde.
Også Johannes Grøthe var flink med hendene sine, her med ei lykkje til lasso han hadde laga.
Også Johannes Grøthe var flink med hendene sine, her med ei lykkje til lasso han hadde laga.
Johannes Grøthe med ein sølvlaga skistav av sørsamisk modell.
Johannes Grøthe med ein sølvlaga skistav av sørsamisk modell.

Jakob Jomafjell blei verande i Bykle til midten av 1960-talet, då hadde han vore hovudgjetar der i fleire år. Han gjette saman med mange andre samar. På sine eldre dagar hamna Jakob som reinsgjetar på Filefjell. I samband med ei slakting ved Eldrehaugen på Hemsedalsfjellet «kasta han fast» ein reinsbukk og fall og skada seg. Difor måtte han slutte som gjetar. I periodar budde han då på Maristova i Borgund. Også i dette området er det mange som hugsar den spreke samen frå Uvdal.

AMUND JOHNSEN (1907–1970) og familien kom frå Nord-Noreg til Geilo rett etter krigen. Då hadde Amund bak seg ein dramatisk periode som krigsfange i Tyskland, i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Det er ei historie for seg sjølv og skal ikkje utdjupast her.

Amund var fødd og oppvaksen på Hamarøy i ein samefamilie, han blei tidleg reinsgjetar og trefte kona si, Ella Labba, i Ballangen. Ho kom frå ein reindriftsfamilie. Amund og Ella stifta familie og dreiv med rein i saman med foreldra til Ella i Melkedalen i Ballangen. Men lagnaden førte til at Amund som grenselos blei arrestert i 1943 og hamna i fangenskap, fyrst på Grini, seinare i Sachsenhausen i Tyskland. Han overlevde med eit nødrop, men han og familien hadde ingenting att der nord. Difor emigrerte dei til Geilo, der Amund fekk reinsgjetarjobb i Dagali og Skurdalen reinkompani. Dette skjedde fordi Amund hadde blitt kjent med Sigurd Fossgård under opphaldet på Grini. Han sat i styret for dette tamreinselskapet.

Familien Johnsen budde fyrst i Skurdalen, på Hovde i ei hallingstugu. Etter ei tid fekk dei bygd seg hus litt vest for Geilo, i Tuftelia. Dei var mange, seks ungar, alle jenter, fem av dei lever enno. Laila, som òg dreiv med reindrift, døydde i ei ulykke, berre 29 år gamal.

Amund Johnsen var gjetar for Dagali og Skurdalen Reinkompani til dei måtte slakte ned i 1956, altså godt over 10 år. Då selskapet la ned, kjøpte Amund og Sigurd Fossgård flokken av kompaniet og dreiv vidare nokre år. Dei hadde vinterbeite i området aust for Skurdalen og Dagali, men dei måtte til Sletterust i Jotunheimen for å få leige seg sommarbeite. Hit drog Amund i fleire år med flokken. Han hadde så tam rein, har andre reinsgjetarar fortalt. Ei gong han kom til Bjøberg i Hemsedal med flokken åleine, fekk han dyra til å leggje seg ned på ei flate med leiedyret bunde til ein stav, og hunden passa på, medan Amund var oppe på Bjøberg og fekk seg mat og ein kvil. Dyra låg der til Amund kom att og gav dei ein vink, og så var dei i gang att!

Artikkelen held fram under annonsen.

MEN SÅ KOM Amund ut for ei ulykke. Han skada ryggen og måtte slutte som reinsgjetar. Då sette han i gang med køyrerein ved hotella på Geilo. Han fekk òg sett opp ei gamme som han brukte, mellom Ustedalsfjorden og hotellet. Han serverte kaffi, så køyrde han dei med reinen tilbake. Seinare fekk han bygd gammene ved Fagerheim og begynte med suvenirsal der. Han hadde tidvis òg tamrein der, kanskje var det litt køyring.

Dottera Ingrid Johnsen overtok drifta av samegammene, ho har fortalt dette om faren. Ho fortel òg at då ho voks opp og gjekk på skulen på Geilo, var det ingen problem med mobbing av dei som var samar, heller ikkje då dei stilte opp i samedrakt. Ho har fleire minne etter faren, blant anna ein bandvev av reinshorn som han laga til henne. Han var flink med nevane sine ifylgje Ingrid.

JOHANNES GRØTHE (1916–2013) frå Hemsedal dreiv som reinsgjetar frå ungdomen av. Han var ikkje same sjølv, men det samiske kom til å spela ei stor rolle i livet hans på fleire måtar.

Johannes var født utanfor ekteskap og mor hans, Anne Grøthe, blei seinare gift med reinsgjetaren Odin Daneborg, som var frå Enarefors i Jämtland. Han kom til Filefjell, Nordfjella og Hemsedal som reinsgjetar. Han hadde vokse opp dels i ein reindriftsfamilie og hadde som mange av dei dyktigaste gjetarane drive med reinsgjeting frå han var heilt ung.

Odin Daneborg blei slik stefar til Johannes. Likevel blei det meir han enn halvsyskena til Johannes som kom til å drive med reinsgjeting. Og Odin var læremeisteren. Johannes har fortalt om då den fyrste tamreinflokken kom til Hemsedal. Det var i 1924 og Johannes var sju år. Då fekk han i oppdrag av dei vaksne å sjå etter flokken medan gjetarane åt. Og då der var ein bukk som reiste seg, gjekk Johannes fram og møtte han. Dette fortalde han stolt til dei vaksne då han kom inn att. «Slik begynte det», har han fortalt.

I ungdomen dreiv han i Valdres og gjette for ulike selskap der. Seinare kom han til Borgund og Nordfjella. Han budde på Breistølen og gjette blant anna i hop med sørsamen Gustav Granefjell, som òg var innom Hemsedal og Filefjell ein periode. Dette var under krigen og Gustav fekk besøk av syster si Magda. Ho hadde rømt frå Kristiansund på grunn av bombinga. Johannes og Magda blei eit par og flytta rundt mykje ettersom Johannes gjette for ulike selskap. I 1945 fekk dei dotter, Anne Gro, og då ho kom i skulealder, slo dei seg ned fyrst på Haugastøl, seinare Ustaoset, før dei fekk seg hus på Geilo, like ved familien Johnsen, som me har høyrt om.

I HALLINGDAL gjette Johannes fyrst ein periode saman med Ole H. Grøgaard i Hovet. Seinare gjette han òg for Dagali og Skurdalen reinkompani. Ein av turane han hugsa var då han måtte innover Vidda etter ein tamreinflokk som hadde blitt dregen av garde av ein villreinflokk. Dette var svært vanleg etter kaoset som hadde vore under krigen. Det bars forbi Rauhelleren og sørover retning Telemark. Johannes blei overraska av snøvêr og kom så langt sør at det halla nedover mot Møsvatn. Han overnatta i ei fiskebu, men var utan mat. Neste dag sleit han seg over Vidda i kram nysnø, gjekk til det blei svarte natta og støytte til slutt på gjetarhytta ved Lappesteinen – ein «filletur» kalla han denne turen.

Anne Gro Grøthe som no bur i Drammen, har fortalt at det aldri var noko negativt forbunde med det å vera same i oppveksten på Geilo. Og ho hugsar òg at ho arbeidde litt i hop med Marie Johnsen som var på same alder, ho var ei anna syster av Ingrid. Dette var på den tida Amund dreiv med køyrerein ved Ustaoset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og som alle samejenter fekk ògså Anne Gro sitt eige reinsmerke. Johannes var med då Dagali og Skurdalen kjøpte ny rein frå Hammerdal nord for Østersund i Sverige i 1954. Dyra blei tekne med tog til Ustaoset og lest av der.

Mora Magda Granefjell døydde i ein alder av berre 56 år, av ein blodsjukdom. Og etter 30 år i gjetaryrket, slutta Johannes. Han hamna så i Oslo blant anna som vaktmeister, men då han blei pensjonist flytte han til Valdres og var med på slaktingane i Fram Reinlag så lenge han orka, har Anne Gro fortalt. 

{{facts}}

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

* Tamreindrift har ei historie her sør i fjell- heimen som strekkjer seg tilbake til 1780-åra.

* Dei fleste områda som i dag er villreinfjell, har i stuttare eller lengre periodar hatt tamreindrift

* Som oftast hadde reinlaga lokale eigarar

* Gjetarane kom frå samiske område og frå fjellbygdene.

* På Hardangervidda vara tamreindrifta fram til 1956-57, då var det jamt slutt.

* I nokre randsoner, som til dømes langs Bergensbanen mot Finse og i områda aust for Skurdalen og Dagali, var det òg tamreindrift nokre år etter.

* I Østre Hol Reinco heldt ein på frå 1975 til 1982, men då hadde villreinen for lenge sidan blitt einerådande på sjølve Vidda.