Til lukke med dagen, Jesus!

Tenk at det er heile 2016 år sidan du låg der i krubba og sutta på fingrane dine!

Ja, sanneleg er du blitt stor. Ikkje rart far din er stolt av deg. Han som berre har ein einaste odelsgut til både himmel og jord. Han gler seg nok over kor godt du skikka deg då du var innom oss på synfaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi venene, vi gløymer aldri fødselsdagen din, det veit du jo. Du veit også at det er like vanskeleg kvart år å finne på ei gåve til deg. Du har jo alt! Sjølv då du budde der nede i Jødeland må du ha vore ein vanskeleg fyr å handle presangar til. I nokre enkle sandalar luffa du i kring, og var nøgd med å eta kornaks frå åkrar du kom forbi. Det seiest at du var så fattig at du ikkje hadde råd til å ta med ei flaske vin til eit bryllaup, men måtte ty til eit mirakel.

Ein ny kjortel? Nei, det treng du nok ikkje der du er no. Ein ny iPhone, kanskje? Så du kan filme englesongen og leggje den ut på internett? Det hadde vore storveges. Nei, forresten – eg har høyrt frå dei som ber ofte: Wi-fien der oppe er i desse dagar veldig ustabil, og fiberoptikk blir vel neppe strokke gjennom dimensjonane dine med det første. Så kva med ei skikkeleg heimebaka fødselsdagskake? Du sette jo faktisk pris på god mat ved spesielle høve då du var her, og har sjølv sagt at det blir flotte gjestebod heime hjå deg og pappa i himmelen også. Men korleis skal eg få sendt kaka? Eg stolar ikkje heilt på at presten her i bygda verkeleg har overlevert all den belgiske sjokoladen, spekeskinkene og akevitten han kvar jul tek imot på dine vegne.

No har eg fundert og grubla over denne gåva skrekkeleg lenge. Så kom eg til å hugse på at du har sagt du er så glad i menneskehjarte. Så i år har eg tenkt å gje deg halve mitt! Du skal til og med få den beste delen – den som har omsut for andre, varme tankar, snille gjerningar og tolmodig framferd. Eg skal pakke det vakkert inn for deg, svøype gåva mi i dei finaste tankar og ønskje for fødselsdagen. Eg kan nesten sjå andletet ditt føre meg når du pakker opp i kveld, korleis augo dine strålar så makelaust og klårt over meg og mi stille grend.

Men du – berre ei lita sak – du skjønar sikkert – eg har jo berre dette eine hjarte. Og no gir eg altså ein veldig stor del av det til deg. Difor har eg mindre hjarte att sjølv, til å bera alt i. Kunne du kanskje difor sjå til at eg får litt mindre sut og sorg, trur du? Eg synest du skal lova meg og familien helse og liv ei lang lang stund framover, så eg slepp å verkje meir i angst for framtida. Og at vennene mine får det fint, og er lukkelege. Dessutan skulle eg gjerne hatt eit løfte frå deg om at eg no er sikra billett på himmelekspressen. Og du – med det same – kunne du kanskje fikse livet mitt litt, slik at folk ikkje finn noko særleg å utsetje på meg? Der er ganske slitsamt å få dei til å skjøne at dei kanskje burde lata vera å døma og kritisere meg, så lenge dei ikkje kjenner meg så godt som du gjer. Kan du kanskje snakke litt hardt til motstandarane mine, Jesus, så dei ikkje plagar meg meir? Eg vil minne deg på at du har sagt noko om at dei som gir hjarta sitt til deg skal få tidobbelt att, i både børs og katedral. Var det ikkje slik? Eg reknar sjølvsagt ikkje med meir enn fem gonger for eit halvt hjarte – eg er korkje dum eller urimeleg.

Kva? Kva seier du? Eg høyrer deg så dårleg, dei andre i fødselsdagsselskapet ditt skrålar og syng og trampar kring treet og ler så høgt. Kva er det du seier? Er ikkje gåva mi BRA NOK? Vil du ha HEILE hjartet mitt? På ein gong?

Jammen, jammen ...

Så i år har eg tenkt å gje deg halve mitt!