annonse

Tankesmia på Pers

HAN VAR DER
HAN VAR DER: Statsminister Thorbjørn Jagland, 1996.
HD201410141129896V1.jpg
HO VAR DER
HO VAR DER: Gerd Liv Valla, november 2006. Nokre månader seinare måtte ho gå som LO-leiar.

Gol: November, kvart år.

Thorbjørn Jagland har vore der. Yngve Hågensen, Jens Stoltenberg, Roar Flåthen, Jonas Gahr Støre og mange, mange andre. Me siktar til den årlege kartellkonferansen til LO Stat på Pers Hotel på Gol. Ei tankesmie der fagrørsla sender viktige signal til dei styrande krefter, i år til ein koalisjon på høgresida.

Det eldste klippet me har i vårt digitale arkiv er frå 1996:

«Statsminister Thorbjørn Jagland vart møtt med arbeidarsongar og trampeklapp, då han torsdag entra møtesalen til den årvisse kartellkonferansen på Gol». (Hallingdølen 29. november 1996)

«Jagland kom til Gol etter ein arbeidsdag fylt av politisk dramatikk, då Terje Rød-Larsen gjekk av etter eit 34 dagar langt gjestespel som norsk statsråd. Men Rød-Larsen sin avgang var eit tilbakelagt tema i Jagland sin tale. Derimot heldt han ei grundig innføring i norsk økonomi og varsla innstrammingar i statsbudsjettet. Det er særleg veksten i det private forbruket som bekymrar, sa Jagland. – Det er flott at folk har nye bilar, men det «kokar» såpass i norsk økonomi no. at me må stramme inn. Det blinkar varsellampar overalt og me må sløkkje dei for å unngå prisstigning, sa statsministeren». (Hallingdølen 29. september 1996)

LO Stat sin årlege kartellkonferanse på Gol før jul er ei årviss og viktig hending i norsk fagrørsle. Over 100 delegatar er samla i tre dagar og avsluttar med julebord siste kvelden. Mange store spørsmål har vorte tatt opp. EU-saka, til dømes. Mange gongar. I 2003 stod behovet for ein ny EU-debatt på saklista.

«LO-leiar Gerd Liv Valla minna om at LO sitt offisielle standpunkt var nei til EU, tatt på ekstraordinær LO-kongress i 1994. – LO vil imidlertid delta i ein ny EU-debatt med ope sinn, men me vil ikkje vere nokon pådrivar, sa Gerd-Liv Valla». (Hallingdølen 26. november 2003)

Og der står vel saka framleis.....

PS: I år gjekk kartellkonferansen av stabelen i forrige veke, ei veke tidlegare enn vanleg. Og så vidt me skjønar, utan dei store nyheiter.