Andre Trondrud tek seg tid til å godprate med ammekyrne i nyefjøset.
Andre Trondrud tek seg tid til å godprate med ammekyrne i nyefjøset.

 – Stas å vera fjellbonde

– Me blir neppe rike av å vera bønder i ei fjellbygd, men håpar gardsdrifta kan vera eit levebrød i framtida.

DEI SATSAR millionar i eigne arbeidsplassar. Sauebonde Vebjørn Enerstvedt (35) og mjølke- og ammekyrbonde Andre Trondrud (22) er to offensive og optimistiske unge bønder i Nore og Uvdal.

BEGGE HAR gjort storinvesteringar og bygd nye driftsbygningar til mange millionar. Dei er odelsgutar og har tru på ei framtid som bønder i Distrikts-Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enerstvedt har bygd ny driftsbygning på garden Bakke øvst i Åsbøgrend i Nore. Der har han 170 vinterfôra sau som var i full gang med lamminga då Hallingdølen var på besøk.

Trondrud har bygd ny driftsbygning på garden Gvammen nede i dalbotnen, på sørsida av Norefjord. I nyefjøset står det 50 ammekyr. I den gamle driftsbygningen er det 20 mjølkekyr.

VEBJØRN ENERSTVEDT jobba som tømrar i ti år før han overtok garden etter foreldra og vart bonde på heiltid. Fire år tidlegare starta han så smått som sauebonde, kjøpte 40 lam som han fekk ha i eit tomt fjøs på nabogarden.

Mjølke- og ammekyrbonde Andre Trondrud (22) t.v. får omvising i den nye driftsbygningen til sauebonde Vebjørn Enerstvedt i Åsbøgrend i Nore. Begge har investert i nye driftsbygningar og satsar som heiltidsbønder.

Andre Trondrud t.v. og Vebjørn Enerstvedt har investert i nye driftsbygningar og satsar som heiltidsbønder i Nore.
Andre Trondrud t.v. og Vebjørn Enerstvedt har investert i nye driftsbygningar og satsar som heiltidsbønder i Nore.
Andre Trondrud (22) har 50 ammekyr i den nyefjøset på Gvammen i Nore.
Andre Trondrud (22) har 50 ammekyr i den nyefjøset på Gvammen i Nore.
Mjølke- og ammekyrbonde Andre Trondrud i Nore har bygd ny driftsbygning på 1200 kvadratmeter på Gvammen.
Mjølke- og ammekyrbonde Andre Trondrud i Nore har bygd ny driftsbygning på 1200 kvadratmeter på Gvammen.
Vebjørn Enerstvedt (35) har bygd ny driftsbygning for sau i sjølvhogd laftatømmer på 750 kvadratmeter i Åsbøgrend i Nore.
Vebjørn Enerstvedt (35) har bygd ny driftsbygning for sau i sjølvhogd laftatømmer på 750 kvadratmeter i Åsbøgrend i Nore.
Andre Trondrud (22) t.h. er på besøk under lamminga i det nye saue- fjøset til Vebjørn Enerstvedt (35).
Andre Trondrud (22) t.h. er på besøk under lamminga i det nye saue- fjøset til Vebjørn Enerstvedt (35).

– Eg slutta som tømrar for halvtanna år sidan, overtok garden og begynte å byggje ny driftsbygning, seier han.

No står ein ny og romsleg driftsbygning i laftetømmer på 750 kvadratmeter til tre millionar kroner ferdig. Enerstvedt har hogd tømmeret i eigen skog og gjort mykje av byggearbeidet sjølv.

– Eg fekk 450.000 kroner i rentefritt lån og fem prosent tilskot frå kommunen, og 17 prosent tilskot frå Innovasjon Norge. Med stor eigeninnsats kjem eg gunstig frå det, seier han.

ANDRE TRONDRUD har gjort ei millioninvestering i garden han overtok. Her går det i mjølke- og ammekyr. Ved Norefjorden står ein ny driftsbygning på 1200 kvadratmeter med ein prislapp på 6,8 millionar kroner.

Også Trondrud har fått tilsvarande prosentvise rentefrie lån og tilskot frå Nore og Uvdal kommune, og 900.000 kroner i tilskot frå Innovasjon Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg bestemte meg for å overta garden i 14-15-årsalderen og gjekk tre år på naturbruklinja på Lien. No satsar eg på eit langt liv som heiltidsbonde. Mjølkekyrne har eg i den gamle driftsbygningen, ammekyrne i den nye, seier Trondrud.

Dei takkar kommunen for støtte og velvilje til landbruket. Det er mange bønder som har fått gunstige lån og tilskot til nyinvesteringar siste åra.

– Me har ein dyktig landbrukssjef og politikarar som er positive til landbruket. Økonomisk hjelp frå kommunen og Innovasjon Norge var heilt avgjerande for at me vågde å investere i nye driftsbygningar og satse som heiltidsbønder, seier dei.

– Er det ikkje risikabelt med millioninvesteringar som bønder i Distrikts-Norge?

– Nei, me føler ikkje det. Distriktslandbruket har fått eit lyft siste åra. Å vera fjellbonde er i ferd med å bli status!

– Kva synest de om jordbruksoppgjeret?

– Ikkje så verst til å koma frå eit Frp-styrt departement. Driftsvansketilskot og tilskot i brattlendt terreng er gunstig for oss, smiler dei to.