Bjørn Kåre Kaslegard er energirådgjevar i Energiplan AS, eit Geilo-selskap, som slår seg opp på el-billading med såkalla «semihurtige» ladepunkt.
Bjørn Kåre Kaslegard er energirådgjevar i Energiplan AS, eit Geilo-selskap, som slår seg opp på el-billading med såkalla «semihurtige» ladepunkt.

Smartare straumbruk

Hurtiglading av elbil er lite framtidsretta. Energiplan AS slår seg opp på smartare lading. Dessutan sparar dei straumutgifter for næringslivet.

I år passerte den norske bilparken 100.000 elbilar. Det er førebels berre fire prosent av den totale bilparken, men det er også berre starten. Går det som ein ventar vil omfanget vekse med opp mot 100.000 kvart år komande tre-fire år. Det gjer at ladekapasitet er i ferd med å bli eit problem.

– Hurtiglading er ikkje løysinga, seier Bjørn Kåre Kaslegard, energirådgjevar i Geilo-selskapet Energiplan AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

KASLEGARD STÅR med sin relativt nyinnkjøpte Tesla parkert utanfor Energihuset i Lienvegen på Geilo og fyller på batteriet, sakte. Med hurtiglading vil det normalt ta ein halvtime å fullade ei batteripakke på 25 kilowatt (med 50 kWh effekt). Kaslegard meiner det er meir framtidsretta å lade etter køyrebehov, på lågare effekt (3,7 kWh – 22 kWh). «Destinasjonslading», eller semi-hurtiglading, er noko som vil presse seg fram, trur han. Ein times lading på lågare effekt gir tre-fire mil køyring. Ladepunkt for slikt er relativt nytt på den norske marknaden.

Det er rett og slett ikkje kapasitet (effekt) nok i straumnettet for at alle kan hurtiglade. Dei som har kome med elbil nummer to til eit ladepunkt, og ikkje fått lade fordi bilen før tek all ladekapasitet forstår kva det går i.

Smarte ladarar har derimot lågare effekt, og kan fordele tilgjengeleg kapasitet på dei bilane som til ei kvar tid er tilkopla.

15 timar vil det ta å lade batteriet på Tesla’en fullt står det, men så er ikkje fullading alltid viktig. Veksten i el-bilparken vil gjere hurtiglading til eit problem.
15 timar vil det ta å lade batteriet på Tesla’en fullt står det, men så er ikkje fullading alltid viktig. Veksten i el-bilparken vil gjere hurtiglading til eit problem.
– Det beste sparepotensialet ligg paradoksalt nok i nyare bygg, seier Bjørn Kåre Kaslegard. Geilo ungdomsskule reduserte energikostnadane med 30 prosent etter analyse og tiltak.
– Det beste sparepotensialet ligg paradoksalt nok i nyare bygg, seier Bjørn Kåre Kaslegard. Geilo ungdomsskule reduserte energikostnadane med 30 prosent etter analyse og tiltak.
Ladestasjonen på veggen til Energihuset i Lienvegen på Geilo går sakte fordi det er lading på låg effekt, men det er meir framtidsretta enn hurtiglading.
Ladestasjonen på veggen til Energihuset i Lienvegen på Geilo går sakte fordi det er lading på låg effekt, men det er meir framtidsretta enn hurtiglading.

«Ulempa» er at ladinga går treigare. Men dersom til dømes arbeidsplassen legg til rette for dette har du arbeidsdagen å lade på.

– Hurtiglading er ikkje meint for dagleg bruk. Det er heller ikkje nødvendig å lade meir enn ein skal køyre, seier elektroingeniøren frå Ål.

ENERGIPLAN AS er eit dotterselskap, delvis eigd av Ustekveikja Energi AS, som igjen er eigd av Hol kommune.

Baktanken med etableringa i 2014 var å tilby tenester for energieffektivisering og -økonomisering for næringslivet. I dag er dette berre eitt av tre bein Energiplan stør seg på.

Vekstområde nummer éin er såkalla smarte ladesystem for elbilar. Eit samarbeid med den nederlandske produsenten av EV-Box er i ferd med å bli rulla ut. Per i dag er det berre 22 ladepunkt, inkludert tre på Geilo, men 16 er under montering og ytterlegare 20–50 er under bestilling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har tatt heilt av, seier Kaslegard. Men Norge er førebels litt bak i leksa. Rundt i verda står det 50.000 slike. Der andre ladepunkt har vanskeleg for å fakturere kvar enkelt brukar, skil dei smarte på dette. Dermed kan det også bli slutt på at fellesskapet «sponsar» elbilistane.

I Hallingdal er det for tida registrert vel hundre el-bileigarar. Det er godt under ein prosent av den totale bilparken.

DET ER EIN SLAGS LOGIKK i at Ustekveikja, gjennom sitt eigarskap, legg til rette for elektrifiseringa av bilparken. Ikkje minst fordi teknologien bak hurtiglading ikkje kan nyttast for å lade ein stadig veksande el-bilpark utan at kraftselskapa får leveringsproblem.

Mindre innlysande er det at selskapet skal drive med energiøkonomisering, for å kutte straumforbruket til straumkundane, men også dét let seg forklare.

– Me tek oss betalt for at næringslivet skal få ned forbruket og kostnadar. Det er vinn-vinn, seier Kaslegard.

I utgangspunktet såg ein for seg at det var mykje å spare på tiltak i eldre bygg, men paradoksalt nok er det i nye bygg det er mest å hente.

– I gamle bygg må det ofte til tunge og dyre investeringar. I nybygg er det relativt enkelt. Der er det også mykje teknologi å byggje vidare på, seier energirådgjevaren. Ein del vil også bli overraska over at nybygg ikkje betyr at alt er på stell. Erfaring viser at ikkje alltid alle underleverandørar har gjort det dei skulle, eller sluttført arbeidet sitt.

HOVUDMARKNADEN og moglegheitene for vekst ligg ikkje i Hallingdal, men det er likevel i lokalmarknaden verksemda har slått seg opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enkelte næringsbygg fekk redusert straumutgiftene sine med opp til 60 prosent etter at dei hadde fått analysert tilstanden. Ved å simulere tiltak kan ein enkelt sjå kva eit tiltak vil koste og kva ein får i innsparing.

Eit tredje bein selskapet står på er solcelle-teknologi. Her er også privatmarknaden interessant. Dersom du produserer straum sjølv, kan du bli pluss-kunde og selje straumen du har til overs.

Alt i dag kan næringslivet justere straumbruk etter når prisen er låg. Om kort tid vil også privatkundar kunne gjere det.

Summen av alle desse tilboda er med å lette kapasitetsutfordringane i straumnettet. Håpet er at resultatet skal bli positivt. Det er målet også i Energiplan AS. Førebels har selskapet gått i minus, trass i stor vekst. Då er det godt å ha Ustekveikja Energi AS i ryggen. Selskapet omsette for 666 millionar kroner i fjor, og hadde eit driftsresultat på 11 millionar. •

* Energiplan AS er eit selskap der det kommunalt eigde kraftselskapet Ustekveikja AS er hovudeigar

* Selskapet vart etablert i 2014 og slår seg no opp på såkalla semihurtig lading for elbilar, energieffektivisering for næringslivet og løysingar for såkalla «pluss-kundar» med solcellepanel

* Selskapet har bygd seg opp lokalt, men hovudmarknaden ligg utanfor regionen