Julegrana anno 1987, vindfall eller skogsdød?
Julegrana anno 1987, vindfall eller skogsdød?

Skogsdøden på Sundre

Sundre torg; 1. desember 1987.

I desse julegrantider er det freistande å sjå attende til 1987. Den julegrana som vart reist og tent på Sundre torg det året vekte fleire reaksjonar. Frå foreninga Embrik Kløkk fekk Hallingdølen eit brev:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Takk til Ål kommune. I våre dagar høyrer og les me stadig om forureining, sur nedbør og skogsdød. Likevel er det ikkje lett for folk flest å skjøne kor alvorleg dette problemet er. Dette har Ål kommune tatt konsekvensen av, og har sett opp eit godt eksempel på skogsdøden midt på torget. For verkeleg å gjera illustrasjonen levande, er eksempelet utstyrt med elektriske lys, slik at alle kan sjå verknadane». (Hallingdølen 1. desember 1987)

Eit par dagar etterpå, stod det eit nytt innlegg på trykk i avisa. Dette var nok skrive av tilsette i kommunen og var underskrive «Helsing frå Tingstugu»:

«Me er heldige her i Ål som har Embrik Kløkk til å forklare kva dette buskaset midt på torget er for noko. Diskusjonen blant oss byråkratar i huset tvers over vegen har nemleg gått i høge bølgjer om det kan vere eit gamalt vindfall frå i fjor, ein skjeggut staur eller ei turrgrån frå Nes».

Og dei tilsette hadde også eit forslag:

«Grana må vel og kunne nyttast til same formål neste år – det skulle bli liten skilnad om det dett av nokre nåler til?». (Hallingdølen 3. desember 1987)

Den ansvarlege i teknisk etat kom med nokre friske fråsegner etterpå. Men desse har me ikkje klart å finne att i avisa. Sidan dette er 27 år sidan, lar me desse utsegnene passere i det stille, no som då, og nemner heller ikkje namn.