Per Furuseth, med julegjesten på armen.
Per Furuseth, med julegjesten på armen.

Sjeldan julegjest

Hovet; 17. desember 2003.

«Per Furuseth, amatørornitolog og fuglekjennar i Hovet, har fått seg ein uvanleg julegjest. Bak hønsenettingen sit det ei velvaksen kongeørn og skottar på oss med morske auge. Den store fuglen har eit skarpt nebb og fryktinngydande klør. Men samstundes er den litt pjusk. Og det er ikkje rart, for den har fått hard medfart». (Hallingdølen 17. desember 2003)

Artikkelen held fram under annonsen.

Ørna var teken hand om i Vats. Der sat den på eit jorde, tydeleg fortumla etter å ha gått i ei høgspentledning. Ein veterinær vart tilkalla og konstaterte at alle vitale deler var heile, men fuglen hadde behov for ro, mat og godt stell. Og dermed hamna den i hønsehuset til Per Furuseth.

«Det er viktig at den får tilnærma same type mat som den elles et, sa Per Furuseth. Han hadde fôra den med slakteavfall, ein orrhane og ein ihelkøyrd hare.»

Kongeørna var ein hann, og eit velvakse eksemplar av arten.

«Den er sju år eller eldre og har eit vengespenn på ca. 2,10 meter. Den verkar relativt tillitsfull, men blir aggressiv når den forstår at eg skal ta den opp. Berre eg får tatt føtene og sikra dei, er det likevel ikkje noko problem Det er klørne som er det farlege våpenet til ørna, seier Per». (Hallingdølen 17. desember 2003)

Etter ei jul med god mat og godt stell, var ørna restituert. Den var god og mett etter å ha kosa seg med kilovis med kjøt under den to veker lange «juleferien» i Hovet. Og dermed vart den sleppt fri. Det skjedde i Vats, på same stad som den vart funnen.