Romantikk i gatelamper og elvesus

Der vildmarken suser er namnet på romanen som Mikkjel Fønhus slo gjennom med i 1919. Men kvar er denne villmarka, eigentleg?

Det fins mange definisjonar på villmark, og dei beste går ut på at det må vere skikkeleg avstand mellom det kjende og kjære suset og næraste bilveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

For meg har det alltid vore slik at når eg går frå Olsonheimen, Flågarden i Vassfaret, så kjem suset tassande på lette føter og kviskrar inn i øyret mitt: «No er du i villmarka!»

Det er stille her, veldig stille, og når vi først er på desse kantar, burde vi ha tatt turen ned til Suluvatnet? Men det får halde med å sjå på elva som renn dit …

Det er ikkje så lenge villmarkskjensla er der, eg skal oppover mot Strøsli, men eg går opp Buvassjuvet, og vidare mot Buvatnet – det Buvatnet som ligg i Nes. Det skal ha vore eit godt fiskevatn, men eg har ikkje freista lukka der.

Ei god stund går eg ved sida av Bringen, eit mektig fjell som nett her skyt bringa mest fram, og set sitt sterke preg på landskap og natur.

Dette er heimetraktene til Rugg, ein liten bamse som voks opp til å bli ein frykta slagbjørn.

Ein augustmorgon i 1906 gjekk Rugg til åtak på Johan Sagadalen, ein 13 år gamal gjetargut på ein av Hildegardane i Flå. Det gjekk verk i såret og vesle Johan vart den siste nordmann drepen av bjørn – til no. Ei minneplate er sett opp her ved foten av Blåfjell, og det er ikkje så få interesserte som melder seg.

Og her er veg, bygd av Oslo Lysverker som meir enn gjerne vil hente kraft i villmarka for at det skal verte godt og varmt i bystovene. Rolf Brandrud har skrive ein biografi om Mikkjel Fønhus, Drømmejegeren, og der skildrar forfattaren sitt møte med Berlin i 1921.

I eit foredrag for sambygdingar hadde han dette å seie, og for mange av oss er orda litt uventa: «Koma te ein slik millionby om kvelden, det e som å oppleva eit eventyr. Ein einsleg norsk fjelldal, ein djup skog, eit nake fjell – alt kan ha sin romantik. Men ogso ein storby har sin romantik. Det er romantik i gatelarmen like so vel som i elvesuse borti ein avgjøymd skogsdal. Det er romantik i den veldige ljoske tå tusen og nye tusen tå gatelampo. Dette eiendommelege gule ljosgauvet som bølgja over ein storby om kvelden – det er romantik i dette likesovel som i ein kald stjernehimmel over eit drivkvitt fjell.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Men då seier vi det slik: Etter nokre haustveker til fjells i Flå vert det ei lita veke i Berlin – godkjent med ekte sus frå villmarka.

Og for mange av oss er orda litt uventa.