Sindre Thoresen Lønnes og Hilde Mesics Kleven flytta frå Oslo til Hallingdal i 2015. No bygg dei hus på eit gamalt småbruk øvst i Opheim i Ål.
Sindre Thoresen Lønnes og Hilde Mesics Kleven flytta frå Oslo til Hallingdal i 2015. No bygg dei hus på eit gamalt småbruk øvst i Opheim i Ål.

Roa og naturen lokka dei til Hallingdal

Mange ville nok tenkt at byen var eit naturleg val for to fotografar. Men for Sindre Thoresen Lønnes og Hilde Mesics Kleven var naturen og roa viktigare.

– Dei siste åra me budde i Oslo brukte me dei fleste helgane på å reise ut av byen. Det var til naturen me ville når me hadde fri, så kvifor skulle me ikkje bu i han, minnest Sindre Thoresen Lønnes. For to år sidan pakka han og sambuaren pakkelasset og sette kursen mot Hallingdal.

– Eg synest me har fått mykje meir tid etter me flytta hit, fortel sambuar Hilde Mesics Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

– Ja, i Oslo brukte eg ca. 40 minutt til jobb frå dør til dør, inkludert 20 minutt på T-banen. No brukar eg litt over 15 minutt i bil. Det blir jo 40 minutt meir fritid kvar einaste dag, smiler Sindre midt mellom pallar og stillas.

Småbruk

For tida bygger dei seg hus på eit lite småbruk i Opheim i Ål. Med ni gamle bygg og eit nyhus til å bu i, så langt opp i Opheim som ein kan komme, ser livet ganske så idyllisk ut med utsikt over heile dalen på ein dag som ikkje snøgar. Sonen Iver kviler på tunet, pinnebrødet ventar på bålpanna.

På eit småbruk i Opheim i Ål har Hilde Mesics Kleven og Sindre Thoresen Lønnes funne sitt paradis. Til sommaren flyttar dei inn i nytt hus på tunet.
På eit småbruk i Opheim i Ål har Hilde Mesics Kleven og Sindre Thoresen Lønnes funne sitt paradis. Til sommaren flyttar dei inn i nytt hus på tunet.
Med bålpanne på tunet er det ingen sak å lage seg pinnebrød. Også om det snøgar tett ... og  byggereistar fungerer godt som opptenning på bålpanna
Med bålpanne på tunet er det ingen sak å lage seg pinnebrød. Også om det snøgar tett ... og byggereistar fungerer godt som opptenning på bålpanna
Byggereistar fungerer godt som opptenning på bålpanna.
Byggereistar fungerer godt som opptenning på bålpanna.

– Me har mange venner som pratar om at dei har lyst å gjere det same som oss, fortel Sindre.

Om dei gjer det er framleis usikkert, det er eit stort steg å si opp gode jobbar og faktisk flytte. Ofte kan ein ikkje smykke seg med like god løn eller fine titlar, men for Sindre og Hilde har dei aldri angra på valet.

– Her har me høve til at eg kan jobbe deltid og at me har meir tid med ungane og interessene våre, fortel Hilde.

Draumejobbar

Begge er dei fotografar. I byen jobba Hilde frilans, medan Sindre var fast fotograf i DNT. I dag jobbar han som fotoansvarleg i Hallingdølen, medan Hilde er i mammapermisjon og jobbar som yogalærar i kulturskulen ved sida av.

– For meg er det viktigare kven eg jobbar med, miljøet på jobb og livet utanfor jobben enn at eg lever av å vere fotograf. Det kan eg gjere ved sida av, fortel Hilde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore så heldig at eg hadde draumejobben i byen, men så fekk eg jammen meg draumejobben i Hallingdal også – og i tillegg kan me vere nære naturen, legg Sindre til. Og det var nettopp difor dei bestemte seg for å flytte heilt på toppen av Opheim. Frå tunet kan dei berre spenne på seg skia og legge ut på tur.

– Eg voks opp i Grorudalen, berre femti meter til nærmaste stig, og Hilde voks opp på gard. Me har begge vore mykje ute og kjenner oss trygge i naturen. Slike vilkår ynskjer me å gje vidare til våre barn, fortel Sindre.

Elev og lærar

For det var fyrst og fremst naturen og friluftslivet som drog dei til Hallingdal. Sindre hadde god kjennskap til dalen etter å tidlegare både ha vore elev, stipendiat og fotolærar ved Hallingdal Folkehøgskule på Gol.

– Det stod mellom Hallingdal og Sogndal, då begge er gode område for friluftsliv. Men ettersom eg hadde god kjennskap til dalen og hadde jobbtilbod frå både folkehøgskulen og Hallingdølen, var valet enkelt, seier Sindre.

Fridagane blir brukt til skiturar, fotturar og naturen. Samt yoga og laftekurs. Ofte får dei venner frå byen på besøk i helgane, og etter kvart som dei no har budd her i snart to år har dei blitt kjent med fleire som også bur her.

– Eg møter veldig mange i jobben min, og Hilde gjennom yogaen. Det er sosialt og kjekt. Men det er også fint å kunne trekke seg litt tilbake hit til Opheim og berre vere oss, seier Sindre.

– Ja, me lever eit mykje meir roleg liv her. Det synest eg er veldig godt, legg Hilde til På dei neste to sidene syner Sindre sitt Hallingdal gjennom foto.