Bjarne Tormodsgard, Hallingdølen.
Bjarne Tormodsgard, Hallingdølen.

Redaktør (har vore)

Opprøraren og raddisen med mykje hår og skjegg vart ikkje tunnelarbeidar likevel. Han vart redaktør med ein råskarp penn.

Han seier det har vore krevjande å vere redaktør døgnet rundt.

– For det er ein i eit lokalsamfunn. Eg har måtta forsvare Hallingdølen over alt, forklarer han – og ser ikkje ut til å ha teke skade av det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har sjeldan fått vere Bjarne, heilt for seg sjølv. Men det er også hans eiga skuld. For Bjarne Tormodsgard har ikkje hatt det med å gå fram i det stille. Snarare tvert om. Han har i blant måla breitt og fargerikt i leiarspalta si. Erta på seg både autoritetar og storkjefta forståsegpåarar. Då trivst han. Ein avisdag der lesarbrevspalta i Hallingdølen fløymde over av innlegg, gjerne av den sorten som hudflettar redaktøren, var ein god dag for Bjarne. Då var han i humør. Men sjølv om det har kokt og til tider kokt over, har han aldri opplevd det forgjengaren gjorde, hans store førebilete i redaktørstolen, bror Sigbjørn. Ein dag styrta ein rasande mann inn på kontoret til Sigbjørn og sa like godt ifrå seg slektskapen med han. Der og då.

Bjarne gapler over kaffikoppen. Slekta har stått last og brast med han. Heldigvis.

– Eg er slik, eg; Fort opp og fort ned. Og så er eg ikkje langsint.

DAGEN ER KOMEN. Etter 18 år går han av. Han har kjempa for Hallingdal gjennom avisas spalter. Vore engasjert, banna høgt og inderleg i redaksjonskorridorane når politikarar, byråkratar og andre sjølverklærte kapasitetar kjempar sine kampar og gir «fullstendig faen» i distrikta, for å bruke hans eigne ord.

– Jadå, eg tek gjerne imot korrektiv, og eg er open for gode argument. Men dei skal vere gode!

Han var ein sint ung mann som jobba på knuseverk i Aurland og drøymde om å bli tunnelarbeidar. Då han gjekk ut frå gymnaset på Gol, var han «aldeles blåst», som han seier det, og alltid blakk. Ikkje noko rart at han var mest oppteken av å tene pengar. Men det var inntil mor hans sette foten ettertrykkeleg ned. Ho såg at noko måtte gjerast for å få guten på rett kjøl.

– Akademiet i Rauland redda meg. Der fekk eg rydda i hovudet. Kven var eg, og kva kunne eg passe til?

Det er ikkje vanskeleg å forstå ho mor, som sende sonen sin til Telemark for å få stoppa opprøret i guten. For Bjarne var av det slaget som gjekk i tog til støtte for FNL i Vietnam, som var mot Nato og EEC, og gjekk med «nei» på jakkeslaget til noko så uforståeleg for folk flest som det internasjonale energibyråret IEA. Han kjempa mot kraftutbygging, alt som lukta av kommunisme og AKP ml, autoritetar og alle dritsekkane som han kunne kome på. Og dei var ikkje få. Han som kom frå tronge Hallingdal måtte sjølvsagt også kjempe innbitt for ei utviding av fiskerisona frå 12 til 50 mil.

Artikkelen held fram under annonsen.

DET VAR ALTSÅ bakgrunnen til mannen som 1. januar 1999 tok over jobben med å leie Hallingdølen. Raddisbrillene hadde han kasta.

Men det var eit brevkurs i journalistikk med den kjende NRK-journalisten Herbjørn Sørebø som lærar som fekk han på sporet. Brevkurset tok han medan han gjekk på Akademiet. Frilansjobbinga i Vest-Telemark Blad gav meirsmak. På lærarskulen jobba han vakter i Tønsbergs Blad, og oppdaga til si store overrasking at høgrefolk er ålreite folk, dei også. Lærarutdanninga tok han fordi lærarjobben verka bedageleg og på grunn av dei lange feriane. Også kunne det vera greitt å ha noko å falle tilbake på viss det gjekk til helvete med journalistikken. Han fekk journalistjobb i Eidsvold Blad, og var innom storaviser som Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende – avbrote av eit par visittar i Hallingdølen – før han sette seg i redaktørstolen.

– Eg var forbanna på den etablerte vanetenkinga, og eg har alltid vore kritisk til eliten.

... som du er ein del av sjølv?

– Eg føler ikkje det, kjem det kjapt. Men eg har vorte rundare i kantane. Eg har tasa som leiarskribent. Det er berre å erkjenne. Eg var skarpare i kanten då eg tok til som redaktør. Eg kan sjå ei sak frå fleire sider no enn eg «ville» før.

– Men du har vore sint i leiarspalta di?

– Eg synest eg har vore mild, eg. Men sinnet har gått éin veg. Og då handlar det om måten distrikta og folk her i Hallingdal blir behandla av sentrale styresmakter. Denne grenselause arrogansen, fresar han, denne totale mangelen på å sjå dei behova som distrikta har. Du byggjer ikkje landet ved å rive ned distrikta. Der er eg sint mann. Interne forhold i Hallingdal er eg ikkje forbanna på. Då har eg berre sett ting på spissen for å vekke ein debatt. Eg har forresten aldri svara på kritikken. Det øydelegg debatten.

MEN PÅ EIN DAG som denne kjem også ei erkjenning frå Bjarne Tormodsgard, eller Tårmådsgard på åling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje alt eg har skrive har vore like velformulert eller gjennomtenkt. Det gjeld også for somme av leiarane. Eg har skrivi mykje som ikkje egnar seg i bokform.

– Kva angrar du på?

– Det vil eg halde for meg sjølv. Det er mitt privilegium.

Men han erkjenner over eplekaka at han ikkje berre er skjelt ut nokre gonger. Det har også kome eit par ubehagelege trugsmål. Like fullt kan han seie med handa på hjartet:

– Eg har ingen fiendar.

Men opprøraren har sett spor. Med ein villskap av engasjement sette han i gang for 18 år sidan, lykkeleg uvitande om medierevolusjonen som venta. Han er eit råskinn og ein meister til å få med seg folk. Eller for å seie det på ein annan måte: Han er flink med folk. Han gjekk i bresjen og brøyta veg. Inspirerte og mana til kamp mot urettferd i samfunnet, og for dei gode historiene. Finn folk, vanlege folk, og fortel kva dei er opptekne av, messa Bjarne. Grav fram driten og still maktmenneska til ansvar. Folk må vite kva som skjer. Resultatet: Hallingdølen er kåra til Europas beste lokalavis éin gong. Fire gonger har avisa fått prisen for den beste lokalavisa i Norge. Det har hagla med priser frå inn- og utland. Vaktmeisteren i Hallingdølen har snart ikkje fleire vegger å henge prisane på. Tormodsgard har reist land og strand. Både i inn- og utland – på kongressar og i avisredaksjonar – for å fortelje om eventyret Hallingdølen.

– Det er eg som har fått klapp på skuldra. Det er eg som har reist rundt og kunna sole meg i glansen. Men dette hadde ikkje vore mogleg utan dugnadgsånda i avisa. Entusiasmen. Stå-på viljen, og samspelet mellom dei tilsette og eigarane. Eg er så stolt.

HAN BLIR NESTEN blank i augo. Bjarne Tormodsgard er ingen kjenslelaus bulldosar, viss nokon trur det. Han er stappfull av kjensler som får fritt utløp når me har fått det skikkeleg til. Han er flink til å støtte medarbeidarane, støttar dei eitt hundre prosent (alltid) og han er raus med vennlege ord før han set seg til tastaturet og forbannar autoritetane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan ikkje seie til ein medarbeidar at «i dag skal du skrive ein god artikkel». Men eg har som redaktør prøvd å leggje til rette, og skape ein god arena for god journalistikk og design. Ein redaktør skal «coache».

Redaktøren som går av er ingen Nato-motstandar lenger. Fiskerisona er det ingen som bryr seg om, og det internasjonale energibyrået er også fornuftig, har han kome til. Vietnamkrigen er over for lengst, FNL-merket på jakkeslaget som var trykt på ein metallbit frå eit nedskote amerikansk fly er sannsynlegvis kasta, AKP-arane er ikkje lenger ein samfunnsfiende, og han må berre erkjenne at frigjeringsrørslene som han støtta ikkje akkurat var for englar å rekne. Han var imot EEC, eller EU som det heiter i dag, men er i tvil no. Og kraftutbygginga har tilført Hallingdal så mykje velferd at han for lengst har lagt ned stridsøksa. I staden hudflettar han politikarar og byråkratar som vil redusere kraftinntektene til bygdene.

– Det har aldri kosta meg noko å endre meining, seier han – og ber om å bli trudd.

VERDA HAR ALTSÅ gjort nokre omdreiningar sidan ein sint ung mann frå Ål ville reformere henne. Hallingdal har også teke nokre steg sidan då. Og det har han meint mykje om. Han har vore ein knivskarp forsvarar av Hallingdals interesser.

– Eg har ofte vore meir tydeleg på leiarplass enn i hovudet, humrar han.

Men han går faktisk av med litt dårleg samvit. For då han overtok, utbasunerte han at «eg vil ut og møte folket».

– Eg har vore for lite flink til å vere synleg i felten. Til å møte folk og drikke kaffi med dei. Det er uheldig, for då klarer ein ikkje å måle temperaturen. Derfor er rådet mitt til Embrik Luksengard som overtok redaktørstolen frå nyttår av: Ikkje gløym folk.

Eg ser det på han at han bli vemodig når han innser at tida er ute. Det er ei tid for alt, også for ein engasjert redaktør. Han er heilt ærleg når han seier at «eg ser ikkje for meg korleis det blir å gå av».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det som er gjort er gjort. Eg har gjort mitt beste.

Bjarne tømmer kaffikoppen og reiser seg frå stolen.

– Er du i mål?

– Eg håpar eg aldri kjem i mål, eg.

Sist lesne bok?

– En sjøens helt – Skytteren av Jon Michelet.

Favorittprogram på TV? – Dagsrevyen.

Favorittmat?

– Picado. Ein portugisisk rett som vart oppdaga av yngstemann i huset

I CD-spelaren?

– Eg har alltid likt countryrock og folkrock.

Perle i Hallingdal?

– Blåbergo.