Den gule postkassa er sentral i «Ollis», barnebokdebuten til Ingunn Thon. Boka er illustrert av Nora Breck, og gitt ut på Samlaget.
Den gule postkassa er sentral i «Ollis», barnebokdebuten til Ingunn Thon. Boka er illustrert av Nora Breck, og gitt ut på Samlaget.

Raudstrømpe i gul postkasse

Ollis har fått namnet sitt etter fem sterke norske kvinner. Forfattar Ingunn Thon pushar kvinnekamp på kidsa. Litt diskret.

Ollis står på badet med auga att, halvvegs lent over vasken og med tennene blottlagde i eit glis slik at tannbørsten kjem til.

Slik startar barnebokdebuten til NRK-profilen Ingunn Thon. Du veit, ho som vekslar på programleiarroller i NRK Super og i Reiseradioen, eller spelar høna Turid eller lammet Perla.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år har ho blitt mor til Ollis, ei ti år gamal oppfinnsam jente, hovudpersonen i eit moderne eventyr. Eventyret kan vekse seg stort, for debuten er alt på veg ut i Europa. No er boka selt til både Danmark, Tyskland og Italia.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

INGUNN THON er fødd i 1986. I Vats i Ål var det langt til naboar, så ein kom lengst med å vere kreativ. Det har vore hennar skjebne heile livet. Men bok var aldri i tankane.

Ingunn Thon debuterte i år som barnebokforfattar, men inspirasjonen og handlinga er henta mykje frå skogane rundt heimplassen Vats i Ål i Hallingdal, og litt frå sterke kvinner i norsk historie.
Ingunn Thon debuterte i år som barnebokforfattar, men inspirasjonen og handlinga er henta mykje frå skogane rundt heimplassen Vats i Ål i Hallingdal, og litt frå sterke kvinner i norsk historie.
Ingunn Thon var grøn på skriving før ho tok Tekst- og skribentstudiet på Westerdals. Det er først dei siste 4–5 åra ho har fått pennen på gli.
Ingunn Thon var grøn på skriving før ho tok Tekst- og skribentstudiet på Westerdals. Det er først dei siste 4–5 åra ho har fått pennen på gli.
«Ollis» er ein barneroman om vennskap, familie og mot, på 206 sider, gitt ut på Samlaget i 2017.
«Ollis» er ein barneroman om vennskap, familie og mot, på 206 sider, gitt ut på Samlaget i 2017.

– Det var ein brutal prosess å få tvinga ho ut av kroppen, seier ho. Som om det var ein fødsel. Men det var Samlaget som gjekk svanger med bokprosjektet. Ikkje ho. Ingunn brukte to år på boka som hadde lansering i mars i år. Ho ser på debuten som eit slags forsøk.

I oppveksten var sjølv det å fylle eit A4-ark med ord ei stor utfordring. Norskkarakterane var heller ikkje dei beste, og skrivegleda har først kome snikande dei siste 4–5 åra, har ho fortalt.

– Det er blitt hakket større enn eg såg for meg. Eg trudde kanskje mor mi og nokre vener ville lese boka. Det som skjer no er jo ekstremt hyggeleg.

For det har alt blitt eit par festivalar og fleire står for tur. I tillegg til høgtlesing under Miniøya skal ho på litteraturfestivalane både på Lillehammer og i Odda. Dessutan blir det skuleturné, og ein eigen bibliotekturné i Hallingdal i september.

OM EIN SØKJER «Ollis» i den offisielle namnestatistikken til Statistisk sentralbyrå er det ingen som har det namnet. Men «Ollis» viser seg å vere både eit populært og eit vanleg kallenamn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tilfellet også for den litterære Ollis. Eigentleg heiter hovudpersonen Oda Lise Louise Inger Sonja. Men det er det «nesten ingen som veit», kan ein lese.

Det er for så vidt ikkje gjort noko større nummer ut av det i boka heller, at fornamna kjem frå fem sterke norske kvinner.

– Noko av det artigaste med å skrive er å finne på namn. Det stod mellom fleire. Men fordi ho hadde kunstnarforeldre vart det eit kallenamn etter ulike damer som har gått i bresjen. Oda Krohg, Lise Lindbæk, Louise Isachsen, Inger Bruun og dronning Sonja.

Krohg var kunstmålar, blant menn. Lise Lindbæk var journalist og gjekk bokstavleg tala i krigen, som krigsreporter. Louise Isachsen vart lege, nesten før kvinnene fekk lov å studere. Inger Bruun var landets første statsmeteorolog, mot normalt. Meir kjent enn henne er Leif Justers revynummer «Mot normalt» som ho er opphavet til. Dronning Sonja gjekk også ut av komfortsona då ho, som «ein av folket», gifta seg med ein kongeleg.

– Me høyrer mykje om kva menn har gjort, men ikkje så mykje om kvinnene.

– Har du vakse opp med kvinnekamp?

– Ikkje vakse opp med akkurat, men i desse tider får ein det inn overalt. Og det er fint.

– Du dyttar kvinnekamp på born?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei vil nok ikkje oppfatte det slik. Det er meir mellom linjene, meiner forfattaren.

{{imageLeft}}

MEN OGSÅ PÅ LINJENE smyg det seg inn. Som då Ollis snur seg i båten «og ser på mamma, som ror med sterke, jamne åretak». Er det vår tids kvinnekamp ho ror, tru? Hovudpersonen i boka har levd med mamma i alle sine ti år, men får livet snudd på hovudet når ein mann plutseleg dukkar opp. Den nye kjærasten kjem samstundes med ein veslebror. Omveltingane dannar ramma for dei 200 sidene forfattaren har spandert på Ollis. Dessutan står ei gul postkasse i ein skog sentralt.

– Det er ingen planar om ei bok nummer to. Eg merkar at eg har ein jobb i NRK som eg må konsentrere meg om.

– Du vekslar mellom TV, radio og no bok. Slit du med å finne formatet ditt?

– Kan ein ikkje drive med alt?

– Du trivst ikkje i bås?

– Eg klarar ikkje å finne ein bås som er for meg. Eg er kanskje ein historieforteljar. Alle format er gøy. Alt er topp. Eg vil prøve så mykje som mogeleg i staden for å avgrense meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

DET ER HER EIN SER for seg at livet i Vats har hatt innverknad. Kreativiteten har ført til dette grensesprengande og sjangeroverskridande arbeidet. Det går på tvers av alt. Også språket er nytt og friskt, hevdar kritikarane.

– Kan me finne igjen noko av Ollis i din eigen oppvekst?

– Eg har vel tenkt at eg har tatt utgangspunkt i meg sjølv, men når det kjem til stykke har eg kanskje ikkje det likevel. Det må i så fall vere skogen og landevegen. Eg kunne vere der ute 14 timar. Eg har vore litt sleip, for eg har «merga» min trygge oppvekst med noko eg som barn fann skremmande, eventyrleg og eksotisk, nemleg sjø og hav. Sjølv i dag får eg eit sug i magen av å sjå utover den evige horisonten.

– Du har altså ikkje spesielt Vats i tankane, men vil du si Vats gav eit stort «tankerom»?

– Ja, absolutt. Det har gitt meg eit stort tankerom, og fridom til å vere kreativ. Dersom ein er tre timar åleine, så får ein ekstremt utvikla kreativitet. Eg kunne leike i skogen og på jordet i timevis, bygge, mekke og utforske. Ein måtte få både kvist og ei tue med lyng til å funke som leikekamerat.

– Publikummet ditt leikar med iPad?

– Ja, og kanskje det gir kreativitet på andre måtar? Eg trur ikkje det treng vere så konkret som kvist og tue. Men min hjerne har fått trening i å finne på, og finne opp, seier Ingunn.

Og dermed er likskapen med Ollis endå klarare. For Ollis kan til dømes bygge om ein hjulvisp til ei tannbørstemaskin, slik at til og med skuletannlegen blir imponert. Som ein kontrollsjekk vel me å ringe opp norsklæraren frå ungdomsskulen. John Johnsen delte ut karakterar, men han kan ikkje hugse at dei var spesielt dårlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hugsar Ingunn mest som glad og triveleg, og alltid positiv, med godt humør, seier han. Om det var raude strekar, så har dei ikkje festa seg hos han. Mange forfattarspirer har han ikkje send frå seg. – Eg håpar ikkje det var for ille, seier han.

Ille kan ein vel neppe kalle det når debutboka no er på veg til utlandet.

– Ollis er på veg ut i Europa, saman med alle dei norske kvinnene, seier Ingunn Thon.

Les heile Feriemagasinet her.