Frank Kolberg og Odd Bakkerud på kulturkveld i Flå.
Frank Kolberg og Odd Bakkerud på kulturkveld i Flå.

Prest og spelemann

Flå; 26. oktober 1982.

«Prest og spelemann ved same kaffibord. Det ser ein kanskje ikkje så ofte. Men på kulturkvelden i Flå tysdag såg det ut til at sokneprest Frank Kolberg og spelemannen Odd Bakkerud treivst godt i lag. Og treivst gjorde også dei rundt 100 frammøtte i samfunnshuset i Flå». (Hallingdølen 28. oktober 1982)

Artikkelen held fram under annonsen.

«Kolberg kåserte om prestar i Flå i gammal tid. Han fortalde smått og stort om mange prestar. Mellom anna om presten Erik Jensen som i 1573 fekk påbod om å endre dåpsmåten i soknet. Før hadde det vore vanleg å dyppe heile dåpsbarnet under vatn. No skulle ein berre helle vatn på hovudet til dåpsbarnet, slik skikken framleis er».

«Odd Bakkerud opna kvelden med å spele ein marsj i utforming etter Tor Brattested Grimsgård. Etter kaffipausen heldt han fram med å fortelje og spele slåttar etter spelemenn i Nes og Flå». (Hallingdølen 28. oktober 1981)

Frank Kolberg (1937 – 2009) var sokneprest i Nes og Flå frå 1977 til 1989. Han var ein fargerik prest som mellom anna hadde vore stabsprest i Forsvaret og deretter ambassadeprest i Stockholm. Han var ein glad forkynnar med klar bibelsk forankring, og frå hans preikestol vart det gitt solid åndeleg føde, skreiv etterfølgjaren hans, Eivind T. Fagermoen, i eit minneord.

Odd Bakkerud (1931 – 1989) var ein spelemann som vann Landskappleiken ei rekkje gonger. Han forma ut den versjonen av Fanitullen som blir nytta den dag i dag.

«I kappleikssamanheng var Bakkerud ein perfeksjonist, som øvde målretta før han skulle frampå. Bakkerud hadde glansperioden sin som spelemann i 1960-åra. Han flytte attende til Hallingdal i 1975. Her vart han ei drivande kraft i folkemusikkmiljøet i Nes. Frå 1980 vart Bakkerud statsstipendiat». (Wikipedia)