Gjennom skodehavet openberrar «likkista» seg for Ole Grimeli t.v. og Ola Akervold.
Gjennom skodehavet openberrar «likkista» seg for Ole Grimeli t.v. og Ola Akervold.

På veg til «likkista»

Gjennom tjukk tåke klyv dei seg oppover og oppover i klissvåt og trolsk skogsmark.

Stigen slynger seg som ein orm i terrenget. Midt i ein bratt bakke stoppar dei. Noko mørkt og stort stig opp i skoddeheimen.

– Der er ho. Likkista.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ola Akervold stoppar og peikar. I Flå seier dei at «dei tek seg ein tur på likkista». Eit merkeleg ord på ein fjelltopp mellom Dagali og Raufjell, på grensa til Vassfaret. Likkista. Smak på ordet. Ein blir ikkje akkurat i humør av det.

– Det er jo fælt at eit så fint område får eit så «fint» namn, smiler Akervold.

Den pensjonerte skogbrukssjefen i Flå er lommekjent. Det same er Ole Grimeli, tidlegare skulesjef i bygda med seter like borti lia på Dagali. Enda lenger borte i øydemarka var Akervold på setra som småfant. Derfrå såg han bort på den særeigne fjelltoppen. Han hugsar at far hans kunne seie at «no ligg det snø på likkista».

Likkista med sin karakteristiske form dukkar fram i tåkehavet.
Likkista med sin karakteristiske form dukkar fram i tåkehavet.
Ola Akervold, til venstre, og Ole Grimeli jublar – aller øvst på «likkista».
Ola Akervold, til venstre, og Ole Grimeli jublar – aller øvst på «likkista».
Ole Grimeli og Ola Akervold har vore på «likkista» før. fjelltoppen med det skremmande namnet.
Ole Grimeli og Ola Akervold har vore på «likkista» før. fjelltoppen med det skremmande namnet.
Historiene sit laust mellom buskeleggene når Ole Grimeli, til venstre, og Ola Akervold er på tur.
Historiene sit laust mellom buskeleggene når Ole Grimeli, til venstre, og Ola Akervold er på tur.
«Heste – Ligkisten-fjeld» dukkar opp på gamle kart.
«Heste – Ligkisten-fjeld» dukkar opp på gamle kart.

LIKKISTA ER EIN halvrund karakteristisk fjelltopp, 1013 meter over havet. Gjennom skodda er det ikkje mykje å sjå i dag. Men stemninga er som henta ut av ein Fønhus-roman.

– Går du ned her, seier Ola, og peikar ned i den tjukke skodda, kjem du til ein stad mellom Nedre og Øvre Grunntjern eller Nevlingen i Vassfaret.

Ein stig fortel at det er fleire enn me som har gått opp på «likkista» gjennom åra. Sjølv om stien ikkje er merkt. Ei 90 år gammal dame som budde i ei hytte i nærleiken gjekk jamleg dit. Ho måtte ta seg ein tur på likkista, fortel Ola.

HISTORIENE SMELL mellom buskeleggene mens me går. Både folk og fe er knytt til dette området inne i øydemarka frå gammal tid. Men kor kjem dette spesielle namnet ifrå?

Ola har med seg ein rull med gamle kart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir fortalt at når den første snøen legg seg over toppen, eller «kula» som me seier, ser den ut som ei likkiste.

På eit kart frå 1909 les me «Heste-Ligkisten fjeld».

– Det kan kome av at ein hest skal ha drukna i eit av vasspyttane under fjelltoppen, seier Ole Grimeli.

Men kven kom først, hesten eller likkista?

– Det er det eg ikkje veit, svarar Ola, og granskar karta.

PÅ EIT KART frå 1916 dukkar namnet opp igjen, «Heste-Ligkisten fjeld». Det same gjer det på eit kart frå 1919 og 1930.

– «Likkista» er berre brukt munnleg, seier Ola.

Han veit ikkje når og korleis det vart slik. Men fjelltoppen blir berre kalla «likkista». Ingen seier noko anna. Slik er det berre. Men den må ikkje forvekslast med Likkistefjell, som ligg ein halv times gonge unna. Der er det sett opp infotavler ved Vassfaret natursti. På «likkista» er det ingen info.

Artikkelen held fram under annonsen.

FJELLTOPPEN LIGG innanfor Indre Vassfaret landskapsvernområde. Det er ikkje noko skilt på vegen mot Domfet som viser veg. Ingen merking undervegs. «Likkista» ligg for seg sjølv. Men ikkje langt unna folkeskikken. Det tek berre ein halvtime å gå frå vegen i fint skogsterreng. Ein på ein måte vite om ho.

Ola nikkar der han og Ole sit på ein stein og myser opp på «likkista» gjennom skodda.

– Det er eit artig namn, då. Det er mange som stussar litt når eg seier at eg skal ein tur på likkista, ler Ola.

DET ER VASSFARHISTORIE rundt kvar liten kolle her. Hovudferdselsåra mellom Domfet og Olsonheimen i Vassfaret går i nabolaget. Dette er gammalt bjørneterreng. I 1906 vart gjetarguten Johan Sagadalen teken av bjørn ikkje langt herfrå, ved Blåfjellhaugane. Han døydde seinare av skadene.

– I klarvêr er utsikta formidabel, reklamerer Ola, og peikar att.

– Kva ville me ha sett gjennom skodda?

– Høgevarde er der, seier han, og peikar mot andre sida av dalbotnen. Og du vil sjå heile Gråfjell.

Han snur seg og peikar igjen. – Og der ligg Nesfjella. Han snur seg litt igjen. – Og der ser du mot Vassfaret og Nevlingkollen. Er det ikkje slik, Ole ...?

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole Grimeli nikkar.

– For dei som har hytte her i området er «likkista» er greitt mål, seier han.

– Ja, det er ein kort tur opp hit. Og eg veit om eldre folk som tek seg ein tur på «likkista», humrar Ola.

– Men det er eit trist namn, då. Eit skrekkeleg namn. For å seie det slik.