Kåre Berg.
Kåre Berg.

Optimisten

Han kan ikkje tenke seg å vere nokon annan plass enn på 1100 høgdemeter. – Det einaste som gjer meg i dårleg humør, er mildvêr i januar. Resten kan eg handtere, ler han.

Sjølv om livet, og det å drive Bergsjøstølen fjellstove, har hatt sine utfordringar, så smiler Kåre Berg.

– Eg prøvde å ha ein personleg Facebook-konto, men etter ei tid handla alt om Bergsjøstølen. Så prøvde eg meg på Instagram, men det same skjedde der. No trur eg Snapchat er einaste kanalen som handlar om berre meg. Det er jo litt vanskeleg å skilje mellom jobb og privat, fortel Kåre Berg. 48-åringen sit i frukostsalen på Bergsjøstølen og tittar ut av glaset. Utanfor dekkjer snøen berga, sola skin og sjølv om klokka så vidt har bikka åtte er ein gjeng kitarar allereie i gang med dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er som ungar. Opp og ut, smiler han.

Kåre har sjølv leika her som liten, og kjenner kvar einaste haug. Ti år før han vart født, bygde foreldra fjellstova. Heile barndomen hadde han her, midt i familiebedrifta. Mor og far jobba døgnet rundt. Kåre og dei fem syskena vart overlatne til seg sjølve. Utan naboar var gjestane hans beste leikekompisar.

– Då eg voks opp, prata eg faktisk bymål. Det var jo turistane me var mest med, fortel han. I dag går det i halling. Han synest det er viktig å ta vare på dialekten, og veit at gjestane set pris på det. Tradisjonen er viktig.

Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.
Kåre Berg.

– Mor og far bygde her i 1959 og dreiv Bergsjøstølen i 20 år. Då tok bror min, Torstein og kona Aud over. Dei dreiv det frå 1979–1999. På grunn av helsemessige årsaker tok eg og Sunniva Vikøy over, fortel han. I dag er han skild frå Sunniva og driv plassen åleine. Det er ikkje berre enkelt. Rundt om i landet har fleire småhotell og fjellstover sett seg nøydde til å stenge. Det er ein bransje dominert at dei store aktørane, men verken Bergsjøstølen eller Kåre har på nokon måte tenkt å bukke under.

– For fem år sidan var det mørke skyer over drifta og næringa generelt. Eg var nær med å gje opp. Men så gjekk eg i meg sjølv, stramma meg opp og tok grep. No er eg definitivt klar for Bergsjøstølen resten av livet, fortel han og tek ein bit av brødskiva. Pålegget er brunost og syltetøy. Sjølv med ein frukostbuffet som bognar, likar han det enkelt.

– Eg misunnte dei som hadde eit A4-liv, og vurderte å drive med noko anna. Men så prata eg med venner, og kvar gong sa dei «Tenk å få drive med det du driv med, og få bu der du bur». Å bruke kvardagen min der folk brukar fritida si, det er jo det likaste livet. No peikar alle pilene oppover. Både når det gjeld trivsel, økonomi og trua.

Det skulle eigentleg ikkje bli slik. Som ung hadde han definitivt ikkje lyst å jobbe på Bergsjøstølen. Då måtte han jobbe døgnet rundt, og det var han ikkje interessert i. Dessutan var det ikkje ledig. Det var bror hans, Torstein, som skulle drive plassen. Kåre sin plan og lykke var å drive gard.

– Eg gjekk på kokken på vidaregåande på Ål, men utdanna meg som agronom på Lien. Eg tok eit reiselivsår i Hardanger, det var der eg møtte Sunniva, men eg hadde ingen andre planar enn å drive garden på Berg og å jobbe i bergboringa. Eg hadde sikkert gjort det framleis om ikkje før det plutseleg vart behov på Bergsjøstølen, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Året var 1999. Storebror Torstein sleit med alkohol og helsa. Bergsjøstølen heldt på å forsvinne ut av familien. Kåre steppa inn. Ni år seinare døydde Torstein, rett nok i eit epilepsianfall, men alkoholen prega livet hans. Det same gjorde det for to av systrene hans. Ei av dei døydde. Det er ei kjent utfordring i hotellnæringa. Det er lett og enkelt å ty til alkohol.

– Eg har sett kva eit vondt og vanskeleg liv kan vere. Kåre tørkar ei tåre. Torstein var som ein farsfigur for han, ettersom far deira døydde då Kåre var 17.

– Eg tenkjer ofte på mor og far, Torstein og Aud. Dei la gode berebjelkar. Det er spesielt å vidareføre dette. Dette er jo heimen deira med. Eg er stolt av å føre tradisjonen vidare. Å bringe sol over livet. Det vil eg at Bergsjøstølen skal gjere.

Sola skin inn i frukostsalen. Mange er allereie på ski, nokon pratar over ein kaffikopp. Medan andre fjellstover slit med å fylle opp sengeplassane denne vinteren, er det fullt hjå Kåre. Slik har det ikkje alltid vore. Som turistvert på ei fjellstove veit ein aldri kva morgondagen bringar. Det gjeld å følge med i timen. I dag vil folk ha aktivitetar.

– I 2001 starta me med kiting. Då måtte me drive grunnleggande folkeopplysning om kva dette var for noko. No er det ein av berebjelkane i drifta vår, både nasjonalt og internasjonalt. Kitarane er den nye stamgjesten, fortel Kåre engasjert. I tillegg satsar han på sykkel, kajakkpadling, ja og ski då, sjølvsagt. Men stamgjesten i dag er annleis enn for tjue år sidan. Då visste ein når dei kom. No kan det vere heilt tomt i kalenderen på starten på veka, og heilt fullt på slutten. Det blir ei med utfordring matbestillingar og å vite kor mange som skal jobbe. Han må snu seg fort, og gjere det meste. Berre i løpet av timen me pratar saman må han hjelpe til å starte ein bil, flytte ein snøscooter og fylle på meir juice.

– Eg må gjere alt, og lærer undervegs. I går gjekk dagen min i brøyting, tømme søppel, passe på at frukosten var fin og pen, sjekke ut gjestar og takke for no, sjå over bookinga for dagen, bestille mat, transportere hyttefolk på scooter, servere middag og vere i resepsjonen og baren utover kvelden. Eg er sjølvsagt ikkje åleine, men eg må vere til stades. Heldigvis kjem det godt med at eg er selskapssjuk og glad i folk, og at eg har eit par husvenner, smiler han.

Husvenner. Han kallar dei det. Dei som ikkje har det så lett i livet, og som treng ein friplass. Dei får bu på Bergsjølivet utan å måtte betale, mot at dei hjelper til i ny og ned. Det kan vere folk som slit med psykiske problem, rus og som har vanskelege dagar.

– Dei treng det same som den ordinære gjesten treng: fri, ro og gode opplevingar. Det er ei glede å kunne dele Bergsjøstølen med andre, og å sjå at det kan auke livskvaliteten til folk, seier han. Av og til har han fått ein på tryne, nokon kan vere upålitelege sjeler, men dei fleste gongene får han ei god kjensle av å ha gjort noko bra for nokon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kjem i kontakt med veldig mange folk. Å sjå at mange ikkje har det så bra, gjer inntrykk. Det handlar ikkje nødvendigvis om at dei manglar dei materialistiske tinga. Det rører noko i det indre å høyre at Bergsjøstølen har redda mange liv, og å få eit ordentleg takk for det, seier han. Tårene dukkar opp i augekroken att. Kanskje tenkjer han tilbake til bror og syster si. Han har sett korleis folk kan slite, og kor lite som skal til for å hjelpe eller redde eit liv.

Familien og familiebedrifta har alltid vore viktig for Kåre. Men kva med hans eigen familie?

– Eg har måtte ofra mykje i denne jobben, så eg trur nok eksen min ville stilt spørsmål ved at eg seier familien er viktig for meg. Men det er han. Å kombinere jobb med familielivet er vanskeleg, seier han.

Både på grunn av plasseringa, det er langt til folk og fritidsaktivitetar, men også fordi jobben krev sitt. Sjølv har han tre ungar. Ein på 22, ei på 20 og ei på 11. For eit par år sidan skilde han seg. I dag bur minstejenta med mor på Voss.

– Eg kunne ha slutta her på Bergsjøstølen då det tok på familielivet. Men eg gjev ikkje Bergsjøstølen skulda for skilsmissa. Me voks frå kvarandre, fortel han. Han ser ned, blir tankefull, men så smiler han.

– Eg synest jo ikkje det er noko kjekt å vere så langt unna dotter mi, men når situasjonen vart slik så får eg berre gjere det beste ut av det. Jobben er heldigvis fleksibel. Eg treng ikkje vere her heile tida, eg kan reise. Eg berre likar meg best her, smiler han. For Kåre er energisk og ein optimist. Er det noko som er ugreitt, ryddar han opp i det så fort han kan og legg det vekk. Det er ikkje alltid lett, men han likar resultatet. Livsmottoet er at han er sin eigen lykkes pamfilius. Han likar seg best som blid og glad, noko han er stort sett heile tida. Men det er også bevisst. Han har ikkje råd eller tid til noko anna.

– Om ikkje eg er blid, glad og grei, er ikkje dei som jobbar her det heller. Og då går det utover gjestane, og dei blir heller ikkje glade og fornøgde. Men, altså, eg kosar meg her. Eg legg meg om kvelden og gler meg til neste morgon. Det er mykje jobb, men det gjev energi, og foreløpig gjev han meir enn han krev, smiler Kåre. Han kunne ikkje tenkt seg å vore nokon annan stad, og bur på Bergsjøstølen gjennom heile sesongen. Utanfor sesongen har han sagt til seg sjølv at han ikkje skal vere der i helgane.

– Men då sit eg ofte nede i bygda og lengtar opp att, ler han. Han har fleksibiliteten til å kunne ta seg fridag når det måtte passe han, men det er her han vil vere. I løpet av eit år er han ikkje meir enn fire-fem dagar vekke frå plassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ein hug til å vera i fjellet. Sjå teateret som skjer utanfor glaset. Snøen som kjem og snøen som reiser. Her kan eg gjere alle aktivitetar eg likar, vere med folk og ha ro. Men eg kunne ikkje drive andre plassar enn her. Det er heile essensen av Bergsjøstølen. Historia og type gjestar som kjem til ei fjellstove. Det blir personleg og gjer noko med folk. Eg møter dei når dei er på det likaste. Nei, eg har det veldig bra her. Eg unner andre å ha det like bra.

Fakta: Kåre Berg

48 år. Skild. 3 barn

Eig og driv Bergsjøstølen fjellstove

Sist lesne bok:

Erlend Loe – Slutten på verden slik vi kjenner den

I CD-spelaren:

Klassisk, blues og moderne remix. Ganske allsidig, men ikkje svensktoppar

Yndlingsmat:

Alt bortsett frå tradisjonell hotellmat. Eg likar kalvekjake veldig godt

Perle i Hallingdal: Bergsjøområdet