Jonas Tollefsen Rodegård (24) etablerte møbelsnekkeri i saue- stallen. Det var lurt.
Jonas Tollefsen Rodegård (24) etablerte møbelsnekkeri i saue- stallen. Det var lurt.

Oppfylte draumen i eit sauefjøs i Flå

Jonas lånte pengar og brukte sparepengane for å oppfylle draumen.

Han var 22 år den gongen då han tok sjansen hausten 2015. Sauefjøset på garden til sambuaren hans i Flå vart gjort om til verkstad. Eller rettare sagt eit møbelsnekkeri. For det var det han ville bli; møbelsnekker. Heilt sidan han gjekk i første klasse på vidaregåande var det møbelsnekker Jonas Rodegård Tollefsen frå Nes ville satse på. Praksisen og læretida fekk han hjå sambygdingen Arne Josvanger. Med fagbrevet i baklomma tok han spranget og etablerte si eiga einmannsbedrift i sauefjøset.

– Eg er så spent på om eg får noko å gjere, sa han då eg møtte han i verkstaden hans. Men korleis hard et eigentleg gått?

Artikkelen held fram under annonsen.

Jonas set seg på den digre maskina.

– Det har gått veldig bra. Ordreboka er full!

MASKINENE ER DEI SAME SOM SIST. Rett nok er det kome ei ny borte ved veggen som han borar hol med, og den 600 kg tunge limpressa er flytta nokre meter. Men i eit naborom har det kome noko nytt, her har han installert målingsrommet sitt.

Travelt. – Eg fekk meir å gjere enn eg hadde sett for meg.
Travelt. – Eg fekk meir å gjere enn eg hadde sett for meg.
Jonas lånte omkring 300.000 kroner, tok av sparepengane sine og fekk tilskot frå Flå kommune. Og vips vart det møbelsnekkeri.
Jonas lånte omkring 300.000 kroner, tok av sparepengane sine og fekk tilskot frå Flå kommune. Og vips vart det møbelsnekkeri.
Å sjå i ordreboka er hyggeleg lesnad. Den er full til jul.
Å sjå i ordreboka er hyggeleg lesnad. Den er full til jul.
Jonas fekk det til.
Jonas fekk det til.
Ordreboka er hyggeleg lesnad.
Ordreboka er hyggeleg lesnad.
Han måler produkta sine sjølv i eit rom som han har spesialinnreidd ved sida av sjølve snekkeriet.
Han måler produkta sine sjølv i eit rom som han har spesialinnreidd ved sida av sjølve snekkeriet.
Jonas Tollefsen Rodegård (24) lagde sin eigen arbeidsplass i sauefjøset.
Jonas Tollefsen Rodegård (24) lagde sin eigen arbeidsplass i sauefjøset.
To skåpdører er klare til levering.
To skåpdører er klare til levering.
Jonas klarte det. Han etablerte si eiga verksemd, «Rodegård Interiør», og lever ut draumen i ein gammal sauestall.
Jonas klarte det. Han etablerte si eiga verksemd, «Rodegård Interiør», og lever ut draumen i ein gammal sauestall.

Det første kjøkkenet han laga gjekk til eit vennepar av søstera hans som har hytte på Grønhovd i Nesfjellet. Sidan den gongen er det bore mange kjøkken ut frå sauestallen.

– Berre i år har eg laga 15 kjøkken. I tillegg kjem mange senger, garderobeskap, baderomsinnreiing og kommodar. Det er fantasien til kunden som bestemmer. Ein hytteeigar spurte om eg kunne lage ei seng som kunne dragast ut til ei dobbeltseng. Det må eg tenke på korleis eg skal gjere, problemet er at dei skal ha same høgde, seier Jonas.

– Elles har eg laga trapper. Då må eg ha tunga rett i munnen. Står eg fast, ringer eg sløydlæraren min frå ungdomsskulen i Nes, Ole Peder Ulsaker. Han hjelper meg.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

EIN VAREBIL MED «Rodegård Interiør» på sidene og ein stor tilhengar står utanfor. No skal han laste inn og køyre til Høgevarde i Gulsvikfjellet. Utbygginga her har vore god business for Jonas. Elles har han kundar i dei fleste kommunane i Hallingdal. Og snart kjem dei første hyttene på Turufjell rett over dalen for snekkeriet til Jonas. Langs vegane er det materialar. Mykje materialar. Berre i år har han kjøpt inn varer for 600.000.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må betale varene på forskot, derfor kan det sjå litt dårleg ut på kontoen i blant. Men eg veit at pengane kjem inn att, seier han.

– Kan du leve av møbelsnekkeriet ditt?

– Eg tek ut lønn. Nokon månader kan det bli mindre, men slik er det berre.

{{imageLeft}}

BORTE VED GLASET ligg ei blå og sliten bok full av blyantskisser og tal. Han blar stolt i den.

– Dette er ordreboka. Og den er iallfall full til jul.

– Er det travelt?

– Det pleier å vere roleg om sommaren, men slik har det ikkje vorte. Eg føler at det er travelt heile tida, eg. Det vart meir å gjere enn eg hadde sett for meg, også fordi eg ikkje har kontordame. Men sambuaren min trår til og hjelper meg med kontorarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis er det å arbeide aleine?

– Det går greitt. Men det kan bli nokre tunge lyft. Berre sjå på denne. Ei fire meter lang og 65 centimeter brei benkeplate. Denne er tung.

{{imageLeft}}

– Gjorde du eit rett val, Jonas?

– Ja. Det er dette eg vil drive med. Det er moro når det går så bra. Det har gått over all forventning. Dette er jobben min no.

– Kanskje du må tilsette ein person?

– Eg har ein kamerat som er med av og til når eg har mykje å gjere.

JONAS OG SAMBUAREN har overteke garden. Dermed kan han gjere som han vil i den gamle driftsbygningen. Han har planar om å slå ut nokre vegger og få enda større plass, og på låven ser han for seg at det med tida kan bli ei utstilling av produkta. Det går unna i stallen til Rodegård Interiør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har det veldig bra, seier Jonas, og gjer seg klar til å dra til fjells.

Han fekk det til. •