Håvard Bøkko.
Håvard Bøkko.

OL er i gang - her er dei lokale håpa

I Hallingdølens OL-guide, finn du alt du treng å vite for å følge dei lokale deltakarane i meisterskapen.

Sju hallingar deltek i OL i Pyeonchang som startar i dag.

Seks av dei er i den norske OL-troppen, medan ei representerer Estland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingane er fordelt på fire idrettar, skøyter, langrenn, freeski og alpint. Dei fleste av desse skal i aksjon på dag- og kveldstid, norsk tid. Men om du vil følgje alpinistar eller freeskikøyrarar må du belage deg på å vere oppe om natta. Der startar dei fleste øvingane mellom 02. og 03.00, norsk tid.

Begge slopestylekonkurransane går neste helg. Det er kanskje her me har størst håp om ei hallingmedalje, og manges største favoritt er Øystein Bråten. Men nålauga er trongt, og kven som kjem til ein finale og tek medalje er opent.

Desse skal i aksjon:

{{imageLeft}}

Hege Bøkko.
Hege Bøkko.
Håvard Bøkko.
Håvard Bøkko.
Henrik Fagerli Rukke.
Henrik Fagerli Rukke.
Pål Golberg.
Pål Golberg.
Øystein Bråten.
Øystein Bråten.
Tiril Sjåstad Christiansen.
Tiril Sjåstad Christiansen.

Hege Bøkko

Fødd: 1991

Klubb: Hol

Deltek i: Skøyter, sprint, 500 og 1000m.

Slik gjekk det sist: Gjekk to distansar i Sotsji. På 1500m vart ho nummer 33 (2,02,53) og ho var på det norske laget som vart nummer sju i lagtempo.

...

Artikkelen held fram under annonsen.

...

{{imageLeft}}

Håvard Bøkko

Fødd: 1987

Klubb: Hol

Deltek i: Skøyter. Går 5000-meter, er truleg reserve på 1500-meter og ein av kandidatane til ein plass på det norske lagtempolaget.

Slik gjekk det sist: I 2014 gjekk Bøkko fire distansar. Han vart nummer 19. på 1000-meter (1.09.98), seks på 1500m (1.45.48) og ni på 5000-meter (6,22,83). I tillegg var han ein del av den norske kvartetten som vart nummer fem i lagtempo.

{{imageLeft}}

Henrik Fagerli Rukke

Fødd: 1996

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubb: Hol

Slik gjekk det sist: Er OL-debutant.

Deltek i: Skøyter, sprint, 500 og 1000m.

Slik gjekk det sist: Er OL-debutant.

{{imageLeft}}

Pål Golberg

Fødd: 1990

Klubb: Gol

Deltek i: langrenn, sprint, klassisk stil

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik gjekk det sist: Var reserve på 15 km klassisk, og fekk klarsignal då Didrik Tønseth vart sjuk kort tid før distansen. Vart nummer 18.

{{imageLeft}}

Øystein Bråten

Fødd: 1995

Klubb: Torpo

Deltek i: Freeski, slopestyle

Slik gjekk det sist: Kom til den fyrste slopestylefinalen for skikøyrarar i eit OL. Kvalifiserte seg til finale som åttandemann, og vart til slutt nummer ti. I den same finalen vart Andreas Håtveit (Sudndalen), som no har lagt opp, beste norske på fjerdeplass.

{{imageLeft}}

Tiril Sjåstad Christiansen

Fødd: 1995

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubb: Geilo

Deltek i: Freeski, slopestyle

Slik gjekk det sist: Tiril rauk korsbandet i desember 2013, men utsette operasjon for å bli klar til OL. Etter testturar i OL-bakken, valde ho i samråd med støtteapparatet, å reise heim utan å ha delteke.

For Estland:

Anna Lotta Jogeva,

Fødd: 1999

Klubb: Hemsedal

Deltek i: Alpint

Slik gjekk det sist: Er OL-debutant. Anna Lotta var med i ungdoms-OL på Lillehammer i 2016. Der køyrde ho berre storslalåm, og hadde 50. beste tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktuelle øvingar

Langrenn:

Sprint, individuelt – 13. februar 09.30

Freeski:

17. februar klokka 02.00 – Slopestyle for kvinner (kval)

17. februar kl. 0500- Slopestyle for kvinner (finale)

18. februar klokka 02.00 – Slopestyle for herrar

18. februar klokka 05.00- Slopestyle herrar) finale)

Skøyter:

11. februar klokka 08.00–5000 meter for herrar

14. februar klokka 11.00–1000 meter for kvinner

18. februar klokka 12.00–Kvalifisering lagkonkurranse herrar

18. februar klokka 12.00–500 meter for kvinner

19. februar klokka 12.00–Lagkonkurranse Kvalifisering–Kvinner,

19. februar klokka 12.00–500 meter for herrar

21. februar klokka 12.00–Finale lagkonkurranse kvinner og herrar

23. februar klokka 11.00–1000 meter for herrar

24. februar klokka 12.00–Fellesstart for kvinner og herrar

Alpint:

12. februar klokka 02.15 – Storslalåm for kvinner

14. februar klokka 02.15 – Slalåm for kvinner

17. februar klokka 03.00 – Super-G for kvinner

21. februar klokka 03.00 – Utfor for kvinner

23. februar klokka 03.00 – Superkombinasjon for kvinner

{{facts}}

Pyeonchang er eit fylke i provinsen Gangwon i Sør-Korea.

Fylket ligg i Taebaekfjellene med høgder på frå 800 til 1000 m.o.h., noko som gjer byen til ein god vintersportsstad. Pyeonchang ligg 180 km øst for Seoul.

Pyeonchang var også kandidat til OL i 2010 og 2014, men tapte for Vancouver og Sotsji.

Området dei fleste øvingane går i blir kalla Alpensia Resort. Der er det mellom anna skiskyttararena, langrennsarena, hoppbakkar, fotballbane og hotell.

Namnet er sett saman av Alpen (Alpene på tysk), Asia og Fantasia, og skal bety «Asias fantastiske Alper». Anlegget var ferdig sommaren 2009, men vart brukt til VM i skiskyting tidlegare same år.