Astrid Roløkken rodde i båt rundt i åkeren sin, i bakgrunnen pumpehuset.
Astrid Roløkken rodde i båt rundt i åkeren sin, i bakgrunnen pumpehuset.

Og jenta ho ror i åkeren

Roløkken, Nes, 28. mai 1977

«Astrid Roløkken ror i åkeren sin; bak båten ser me pumpehuset, som til vanleg står på pelar på landfast grunn. Så mykje vatn har det ikkje vore i elva på mange år, seier Astrid Roløkken». (Hallingdølen 28. mai 1977).

Artikkelen held fram under annonsen.

Pumpehuset på Roløkken var eit fast landemerke når det var flaum i Hallingdalselva. Det var litt spesielt å sjå det vesle huset stikke opp frå vatnet. Dei visste nok kva dei gjorde, dei som bygde det på stylter.

«Den store vassføringa i alle elvar, etter sterk snøsmelting i fjellet, har ført til flaum i nedre del av Hallingdal. I øvre del er det og mykje vatn i elva, som på sine stader går svært stri.

Det er først frå Nes og nedover at vassmengda verkeleg blir stor, og her har då også elva gått over breiddene sine dei siste dagane. Der Rukkedøla renn ut i elva, står fleire øyar under vatn. Det blir fortalt til Hallingdølen at sauer som har gått på beite på øyar og halvøyar har blitt berga til lands med båt.

Og torsdag såg Hallingdølen ved sjølvsyn at vasstanden var høg. Der riksvegen går langs elva frå stasjonsbrua i Nes og sørover, var det om lag som å køyre på eit hollandsk dike». (Hallingdølen 28. mai 1977).